NA24.no

Per får 60.000 i bonus

- Vi er glad for at selskapet tener pengar, for det er med å sikre arbeidsplassane. Og så er det jo ekstra kjekt at eigarane viser at dei set pris på oss tilsette, seier Per Moen. Han har arbeidd i firmaet i 25 år.
- Vi er glad for at selskapet tener pengar, for det er med å sikre arbeidsplassane. Og så er det jo ekstra kjekt at eigarane viser at dei set pris på oss tilsette, seier Per Moen. Han har arbeidd i firmaet i 25 år. Foto: Knut Magnussen (Firda)
Sist oppdatert:
- Fleire av oss har kjøpt oss ny bil i det siste.

Blodraude tal i 2012 er snudd til rekordoverskot og rekordomsetning i fjor, skriver Firda.

2013 vart tidenes jubelår for Steinvik fiskefarm. Rekneskapen for 2013 viser eit resultat før skatt på heile 98,7 millionar kroner, noko som går rett ut i bonus til dei 17 årsverka i bedrifta.

- Kvar av oss får i snitt ein bonus på 58.000 kroner, som vert utbetalt no i juni saman med feriepengane. Det gjev ei veldig god kjensle, og ein kan trygt seie det synest litt på kontoen, seier tilsette Per Moen, som sjølv nesten får 60.000 i bonus.

- Fleire av oss har kjøpt seg nye bil i det siste, held Moen fram og ler.

Året før måtte dagleg leiar Alex Vassbotten bokføre minus 10,4 millionar kroner. Frå 2012 til 2013 har omsetninga altså auka med heile 138 millionar.

- Dette er eg godt nøgd med, seier Vassbotten.

Moen har enno ikkje tenkt så mykje på kva han skal bruke pengane på.

- Men det kan godt hende det går til litt leiketøy, til dømes kajakk. Elles held eg på å pusse opp huset no, så det kan godt hende det går litt pengar til det, seier han.

Avhengig av stabilitet

Vassbotten meiner resultatet er eit godt bilde på korleis oppdrettsnæringa er.

- Vi sel på verdsmarknaden og er avhengig av fred og stabilitet, seier han.

Klar på at selskapet i fjor hausta fruktene av svært høge lakseprisar, men også av lite sjukdom i merdane selskapet har på sine sju lokalitetar i Askvoll og Flora.

- Lakseprisane var over 50 kroner kiloen i enkelte deler av året. Resultatet er først og fremst eit resultat av det, men vi hadde også svært lite sjukdom. I 2012 slo begge desse faktorane negativt ut for oss, seier Vassbotten.

Han rosar dei tilsette, og understrekar at dei har gjort ein fabelaktig jobb.

- Deira innsats er heilt avgjerande for at vi oppnår så gode resultat. Difor er det også sjølvsagt at dei får ta sin del av overskotet, det blir eit resultat av resultatet, seier Vassbotten.

Det er også eit faktum at lønnskostnadene auka med to millionar kroner i fjor samanlikna med året før. Tal tilsette var det same.

Vassbotten legg heller ikkje skjul på at også 2014 teiknar til å bli eit godt år.

- Prisane har vore svært gode, og vi har hatt lite lusepress og sjukum. Det tilseier eit godt år, men eg har vore så lenge i bransjen at eg er varsam å konkludere for tidleg. Vi veit at ting kan snu fort, seier Vassbotten.

Ti mill. i ekstra utbytte

Han eig 50,07 prosent av aksjane i selskapet som eig Steinvik Fiskefarmog Bru Eigedom. Dei resterande 49,93 prosentane er eigd av Inge Helge Vassbotten, far til Alex Vassbotten. Rekneskapen viser at eigarane tok ut eit ekstraordinært utbytte på ti millionar kroner. 43,5 millionar av overskotet vart avset til konsernbidrag.

Alex Vassbotten styrer ei bedrift som gjennom åra har opparbeidd ein solid eigenkapital. Ved utgangen av 2013 var den på solide 133 millionar kroner, 28 millionar kroner meir enn ved førre årsskifte.

Steinvik fiskefarm hadde også ein skattekostnad på 26,8 millionar kroner i fjor.


- Kjekt å bli sett pris på

- Vi er glad for at selskapet tener pengar, for det er med å sikre arbeidsplassane. Og så er det jo ekstra kjekt at eigarane viser at dei set pris på oss tilsette, seier Per Moen.

Moen har lang fartstid i Steinvik fiskefarm, og med 25 år i selskapet er han ein veteran i oppdrettsnæringa.

- Det er gode tider no, men vi veit jo av erfaring at det kan svinge. Derfor har eigarane våre ført mykje av overskotet gjennom åra tilbake til bedrifta gjennom å investere i selskapet. Utstyret vi har er topp. Men det må til for å vere konkurransedyktig. Samstundes fører det til betre og lettare arbeidstilhøve. For vår del er vi ein tett organisisasjon, med korte kommandolinjer og liten administrasjon. Derfor kan vi drive effektivt, og det same har eg inntrykk av gjeld også dei andre lokalt eigde oppdrettsselskapa på Vestlandet, seier Moen.

- Vi har mange tilsette med lang erfaring, som veit kva som må til. At eigarane på denne måten viser at dei set pris på oss, er sjølvsagt motiverande for alle som jobbar her, seier lakserøktaren.

Les flere saker i Firda


Rapporter om feil i artikkelen

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere