NA24.no

Fallitt for fildelingskulturen

Sist oppdatert:
Fansen oppfører seg ikkje på ein måte som er bærekraftig for den kulturen dei elskar. Dei viser ikkje lojalitet til favorittartistane sine når dei lastar ned musikk gratis.

(NA24-KOMMENTAR): Musikk har sin opplevingsmessige eigenart. Hvis du finn Frank Zappa sin låt «What’s the ugliest part of your body?» (1968) på Limewire, lastar den ned og byrjar å spela den, så får du ei velorganisert oppleving som varer eit minutt og tre sekund. Det er ein harmonisk vokalsong med vakker koring og spennande rytmeskifte (men ein urovekkande tekst).

Kvar gong du speler låten får du opplevinga på nytt, ja den blir truleg sterkare og sterkare heilt til du kanskje er lei av den, og då finn du ein ny låt som du gneg på. Det du opplever er uansett eit resultat av musikarane sitt kreative strev.

Lars Nyre kommenterar.
Lars Nyre kommenterar.

Sidan 1990-talet har arbeidet med å laga musikk blitt devaluert blant musikkelskarane, i den enkle forstand at det trengst stadig mindre strev frå elskaren for å få tak i musikken. Før var det ein slags balanse fordi musikkelskarane måtte betala ganske dyrt for musikken, og anstrenga seg for i det heile tatt å få tak i den. Dei måtte venta, håpa og bli skuffa gong etter gong, og innimellom få den høgste nytelse. Ja, endeleg har dei fått inn «We’re Only In It For the Money på Apollon»!

På grunn av desse vanskane har det også alltid vore ein viss kulturell aksept for piratkopiering. I private samanhengar har folk kopiert musikk til kvarandre på lydbånd, kassett, minidisk og ved å brenna cd-ar. Dei gjorde det av kjærleik til musikken.

I halvkommersielle samanhengar på den svarte marknaden har fans drive bootlegging; der mastertapes av Bob Dylan eller Bruce Springsteen blei trykt opp på LP eller CD, og konsertar vart spelt inn direkte frå miksebordet eller i skitne opptak frå konsertsalen. Slik piratkopiering fekk aldri eit stort omfang, i det minste ikkje i den vestlege verda. Det var blodfansen som kjøpte bootlegs.

Men no har aksepten for piratkopiering auka kolossalt, både på det økomiske og kulturelle området. Mange fleire menneske enn før driv med piratkopiering, og dei som gjer det har ein tendens til å sikra seg antal plater som ville kosta hundretusenvis av kroner å kjøpa, og som dei difor aldri kunne ha skaffa seg før.

Systema for å lasta ned musikk, filmar og tv-program fungerer veldig godt, og dei er lette å bruka. På ei vanleg datamaskin tek det kanskje to veker å lasta ned alt av Beatles, alle James Bond-filmane og alle episodane av MASH. Du treng ikkje eingong vera interessert i det du lastar ned, men berre sikra deg det før det muligens er for seint. Du kan ha maskina gåande dag og natt, og organisera eit utruleg omfattande mediebibliotek for deg sjølv.

Samanlikna med LP-kulturen på seksti- og syttitalet har nokre viktige teknologiske føresetnar blitt endra. Det har vorte lettare å vera musikkelskar, men vanskelegare å vera musikar. Musikarane har meir strev enn før fordi muligheita til å tena pengar på å selja plater er meir usikker, og dei må turnera heile tida.

Det er noko kritikkverdig ved den moralske haldninga som ligg i botnen av gratis fildeling. Folk smykker seg med ein teknologisk ’smartness’ som liksom er verdifull i seg sjølv, og det å lasta ned 20.000 plater viser at du er smartare enn andre. Når du surfar på internett er det berre tenkjemåten din som bestemmer kva slags kultur du skal oppleva. Dersom du vil sjå hardporno kan du få det fram på skjermen på eitt minutt. Det at du klarer å gjera det er det moralske belegget for å fortsetja å gjera det.

Er det råd å gjera noko konstruktivt med dette problemet? Eg har vanskeleg for å sjå at piratkopiering kan forbydast og stoppast på ein effektiv måte, og det ville dessutan skapt sterke frontar som ikkje er gunstig for musikkulturen. Eg veit godt at det finst betalingsalternativ. iTunes er eit godt eksempel på økonomisk berekraftig fildeling, og det finst interessante system for mikrobetaling, der kvart nye ledd i distribusjonskjeda får ein liten promille av salgssummen. Men det kokar ned til kva musikkelskaeren sjølv veljer å gjera.

Enn så lenge ligg den einaste reelle moglegheita for endring i brukaren sjølv. Musikkelskaren må tenkja nøye over sitt bidrag til den musikken han elskar, og dersom bidraget er null så må han byrja å bidra meir. Tenk over punchlinen frå Zappa sin låt «What’s the ugliest part of your body?» «Some say your nose, some say your toes, I think it’s your mind».

Lars Nyreer doktor i medievitenskap ved Universitetet i Bergen.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

Våre bloggere