NA24.no

Slik blir kuttene hvis taket på eiendomsskatt senkes

KANSKJE KUTT: Trondheim kommune må finne fram budsjettsaksa, om Siv Jensen får viljen sin.
KANSKJE KUTT: Trondheim kommune må finne fram budsjettsaksa, om Siv Jensen får viljen sin. Foto: Ole Palmstrøm / Fri Fagbevegelse / ANB
Sist oppdatert:
SV meiner kutta går ut over tenestene til innbyggarane. Siv Jensen peikar på effektivisering.

(FriFagbevegelse) Trondheim kommune kjem dårlegast ut med regjeringas forslag til ny maksimal sats på eigedomsskatt. Om taket blir sette ned frå 7 til 5 promille, må kommunen kutte 77 millionar kroner.

Sørlandskommunane Kristiansand og Arendal må kutte nærmare 30 millionar kroner, medan Porsgrunn må kutte godt over 20 millionar.

Også ei lang rekke småkommunar må gjere kutt som innbyggarane vil merke. I alt 67 kommunar må finne fram budsjettsaksa.

Det kjem fram i eit skriftleg svar frå finansminister Siv Jensen (Frp) til stortingsrepresentant Kari Elisabeth Kaski (SV).

Les også: Krafttrader kan ha krav på å få tilbakebetalt skatt

Jensen: Effektivisering er løsninga

«Dette er en inngripen i den lokale handlefriheten til kommunene, og vil gå ut over velferdstjenestene i de berørte kommunene», meiner SVs Kaski.

Finansministeren viser på si side til at norske kommunar har fått større inntekter og har hatt gode resultat dei siste åra. Ho viser dessutan til ein rapport som slår fast at kommunane kan spare inn 1,2 milliardar på effektivisering neste år.

«De bør derfor ha et godt økonomisk fundament til både å styrke viktige velferdstjenester og til å redusere eiendomsskatten», meiner finansministeren.

Les også: Enkelt grep kan kutte boligskatten kraftig

Senkinga av taket trår i kraft i 2020, om regjeringa får vilja si, og gjeld for bustad- og fritidseigedom.

VIL NED: Finansminister Siv Jensen vil senke taket på eigedomsskatten

Regjeringa foreslår også at grunnlaget for eigedomsskatten ikkje skal vere større enn 70 prosent av marknadsverdien på eigedommen. Dessutan meiner dei alle kommunar må bruke Statistisk sentralbyrå (SSB) sine bustadverdiar når dei skal berekne grunnlaget.

Dei 67 kommunane under hadde eigedomsskatt over 5 promille i 2018. Så mange millionar må dei kutte på grunn av senka tak på eigedomsskatten:

• Trondheim: 77 millionar kroner

• Kristiansand: 27 millionar kroner

• Arendal: 27 millionar kroner

• Porsgrunn: 23 millionar kroner

• Kragerø: 10 millionar kroner

• Vefsn: 10 millionar kroner

• Notodden: 9 millionar kroner

• Hadsel: 8 millionar kroner

• Halden: 8 millionar kroner

• Brønnøy: 8 millionar kroner

• Trysil: 7 millionar kroner

• Averøy: 6 millionar kroner

• Sortland – Suortá: 6 millionar kroner

• Risør: 6 millionar kroner

• Sør-Odal: 5 millionar kroner

• Meråker: 5 millionar kroner

• Balsfjord: 5 millionar kroner

• Vestvågøy: 5 millionar kroner

• Hamar: 4 millionar kroner

• Nome: 4 millionar kroner

• Årdal: 4 millionar kroner

• Grue: 4 millionar kroner

• Nordreisa: 4 millionar kroner

• Andøy: 4 millionar kroner

• Rauma: 3 millionar kroner

• Nord-Odal: 3 millionar kroner

• Sauherad: 3 millionar kroner

• Gjerstad: 3 millionar kroner

• Sør-Fron: 2 millionar kroner

• Gausdal: 2 millionar kroner

• Vik: 2 millionar kroner

• Tynset: 2 millionar kroner

• Røros: 2 millionar kroner

• Skjervøy: 2 millionar kroner

• Roan: 2 millionar kroner

• Høyanger: 2 millionar kroner

• Surnadal: 2 millionar kroner

• Karlsøy: 2 millionar kroner

• Drangedal: 2 millionar kroner

• Steigen: 2 millionar kroner

• Alvdal: 2 millionar kroner

• Verran: 1 millionar kroner

• Bjerkreim: 1 millionar kroner

• Flakstad: 1 millionar kroner

• Divtasvuodna - Tysfjord: 1 millionar kroner

• Moskenes: 1 millionar kroner

• Herøy: 1 millionar kroner

• Hyllestad: 1 millionar kroner

• Dønna: 1 millionar kroner

• Salangen: 1 millionar kroner

• Vaksdal: 1 millionar kroner

• Namdalseid: 1 millionar kroner

• Grong: 1 millionar kroner

• Tolga: 1 millionar kroner

• Fosnes: 1 millionar kroner

• Hattfjelldal: 1 millionar kroner

• Snåase – Snåsa: 1 millionar kroner

• Berg: 0,4 millionar kroner

• Lierne: 0,4 millionar kroner

• Gjemnes: 0,4 millionar kroner

• Åmot: 0,4 millionar kroner

• Vardø: 0,3 millionar kroner

• Folldal: 0,3 millionar kroner

• Sømna: 0,2 millionar kroner

• Lebesby: 0,2 millionar kroner

• Gamvik: 0,2 millionar kroner

• Torsken: 0,2 millionar kroner

 (Kjelde: Finansdepartementet/SSB)

Rapporter om feil i artikkelen

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

Våre bloggere