NA24.no

Velbrukt kjøkkenbenk. Gratis ved henting

I hammaren nedanfor E39 ved Gullkista i Gloppen heng denne godt brukte kjøkkenbenken. – Eg såg den då eg var på padletur søndag, og må vedgå eg vart irritert, seier Jan Ove Nordstrand frå Breim.
I hammaren nedanfor E39 ved Gullkista i Gloppen heng denne godt brukte kjøkkenbenken. – Eg såg den då eg var på padletur søndag, og må vedgå eg vart irritert, seier Jan Ove Nordstrand frå Breim. Foto: Jan Ove Nordsrand
Henger i ei furu i Gullkista.

(FIRDA): Denne meldinga la Jan Ove Nordstrand ut på facebook-gruppa Kjøp, sal, gje vekk i Gloppen søndag kveld, skriver Firda.

– Eg var ute på ein padletur søndag, og då såg eg kjøkkenbenken henge i ei furu eit stykke nedanfor vegen ved Gullkista mellom Breim og Sandane i Gloppen, seier Nordsrand.

Irritiert

Han blei irritert, og tok bilde.

– Eg tenkte at dette må folk få vite om. Kanskje det kan få folk til å slutte å dumpe avfall på denne måten. Men då må eg ta det med litt humor, tenkte eg, og la det ut på facebookgruppa, seier Nordstrand.

Han fekk fort respons.

– Reaksjonane og kommentarane kom fort. Både i form av humor, og litt irritasjon over at folk dumpar ting på denne måten, seier Nordsrand, som har fått nær hundre likes og over 20 kommentarar på Facebook.

I nattas mulm og mørke

Han meiner det bør vere heilt unødvending å dumpe ting på denne måten.

– Har du råd å pusse opp kjøkkenet har du råd å bruke eit par hundrelappar på å levere avfallet også, seier Nordstrand.

Han reknar med at det som har skjedd er at nokon har stogga langs vegen og dumpa eit lass med avfall ut i sjøen ei mørk natt med lite trafikk. Han reknar med resten ligg på botenen av fjorden.

Jan Ove reknar med resten av lasset med avfall ligg under vatn like nedanfor der kjøkkenbenken har hengt seg opp i ei furu.

Gullkista er det smale å svingete partiet mellom Breim og Sandane på E39 i Gloppen.

– Eg blir rett og slett forbanna når eg ser slikt. Derfor la eg ut bilde. For å få folk til å tenke seg om, seier Nordsrand.

Les flere saker fra Firda her.

Rapporter om feil i artikkelen

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere