*Nettavisen* Økonomi.

Verdens tredje dyreste luksusyacht i Kalvåg

«Serene» er 134 meter rein luksus som er i fylket for tida. Nyleg var «Serene»ved Knutholmen. Sognefjorden fekk også besøk. Foto: Geir Ivar L. Ramsli

Fikk 134 meter luksus på besøk.

09.07.14 16:14

(Firdaposten.no): - Etter min smak var det altfor lite drikking, ler vert Svein Inge Fosse på Knutholmen.

- «Serene» låg oppankra her på Vågen heile laurdagen,ler Fosse.

Han trakterte det russiske reisefølget både i Kalvåg, men også to dagar før, då dei hadde strandfest på Sætrastranda i Vågsøy.

- Det var ikkje noko inkjevetta, seier Fosse til Firdaposten.

Eige snørom
«Serene» er registrert på Cayman Islands, og er ein charteryacht av den aller mest luksuriøse typen. Den blei opphavleg laga på bestilling av den russiske oligarken Vladimir Potanin, men er i dag i multimilliardæren Yuri Schefflers eige. Scheffler har bygd opp formua si på vodka og sprit, særleg merket Stolichnaya. Båten skal vere den tredje dyraste luksusyachten i verda, og kosta to milliardar kroner.

134 meter lang luksus
Yachten er 134 meter lang, 18,5 meter brei og stikk 5,5 meter djupt. Den har 12 lugarar, sju dekk og ei dekkflate på nær 4500 kvadratmeter. Den skal ha eit mannskap på over 50 personar, medan det «berre» er plass til 24 gjestar.

- Kjøler seg ned med kunstig snø
Om bord skal det vere fleire symjebasseng, utandørs kino, eigen ubåt med plass til ein kaptein og fire passasjerar, og eigen helikopterhangar og to helikopterdekk.Det skal vere både spa, sauna, treningsrom, tyrskisk bad og også eit eige snørom der det vert produsert kunstig snø som gjestane kan kjøle seg ned i.

Fiske, lunsj og fjelltur
- Først tok Haugefisk med seg gjengen på havfiske. Dei fekk ein torsk på over elleve kilo, og eit par kassar stor og fin lyr, til saman 50 kilo fisk som dei provianterte med seg om bord i båten. Etterpå fekk dei lunsj her på Knutholmen. Vi serverte kveite til hovudrett, og litt hummar og forskjellig.

- Er det sant at dei kjøpte vin for 20.000 kroner, eller er det berre snakk på bygda?

- Det gjorde dei sanneleg ikkje. Det var knapt så dei smakte litt vin og øl frå Kinn Bryggeri, sistnemnde blei dei svært begeistra for. Nei, etter min smak var det altfor lite drikking, seier Fosse med ein latter.

Etter lunsjen gjekk følget på fjelltur til Fanneskavarden.

- Det er ein tretimarstur om lag 350 meter over havet.

Visste ikkje kven som var på veg
- Det einaste som er sikkert med desse folka, er at alt er usikkert, seier Fosse.

- Bortsett frå det er dei heilt allminnelege gjester.

Fosse og dei andre på Knutholmen visste ikkje at det var fullt så storfint besøk dei hadde i vente.

- Det var først då vi såg båten omtalt i avisene at vi skjønte kven som var på veg. Det kan vere så som så med desse nyrike folka, men denne gjengen var heilt nedpå. Dei hadde ikkje noko imot at det var andre gjester på Knutholmen, dei nikka og smilte, seier Fosse og held fram:

– Litt av ein båt

- Det er litt av ein båt han har.

- Er du misunneleg?

- Nei, eg hadde ikkje hatt råd til å starte han opp eingong, ler Fosse og fortel at han var om bord i løpet av laurdagen.

- Eg tok heisen opp på 7. dekk. Elles var det glasveggar inn til maskinrommet, og der skein det kan du tru.

Les flere saker fra Firdaposten her.

Annonsebilag