Gå til sidens hovedinnhold

Alle veit at Jeppe drikk, men kvifor spør ingen om grunnen?

Rusbruk er meir eit symptom på eit bakomliggande problem, enn eit sjølvstendig problem.

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Forfattar Ludvig Holberg sitt kjende litterære verk frå 1722 «Jeppe på Bjerget» var trass sitt humoristisk innpakka bodskap, langt føre si tid, med tanke på rusfeltet.

Replikken : «Alle seier at Jeppe drikk, men ikkje kvifor han drikk» oppsummerar ein vikteg del i rusdebatten eg saknar.

For som all avhengigheit, det vere seg alkoholisme, andre rusmidlar eller andre former for avhengigheit, er det oftast ein bakomliggande grunn til at ein tyr til ulike middel for å flykte frå problem, eller kjenne på ei form for stimuli i lengsel eller fråver av viktige faktorar i livet.

Les også: Eg oppmodar alle karar som støttar omskajering av mindreårige gutar til å donere forhuda si

Mange kan ha ein grunn til å rømme

Jeppe drakk både på grunn av slit og strev i kvardagen, men kanskje mest på grunn av si fortid som soldat.

På same måte som med Jeppe, må vi anerkjenne at mange menneske som slit med rus kanskje har ein grunn til å rømme frå verkelegheita.

Einsemd, sorg, frykt, fattigdom, å miste jobben, traume, mobbing, eller berre ei kjensle av tomheit og lengsel etter ein eller anna form for «godfølelse» i livet. Det er i mange tilfelle det som fører mange menneske inn i rus, eller annan avhengigheit.

Vi må sjå mennesket bak rusen

Det er ei problemstilling som eg saknar i rusreformdebatten: Å sjå mennesket bak rusen.

Debatten handlar mest om konsekvensane ei avkriminalisering vil bringe med seg. Men i mine auge er rusbruken meir eit symptom på eit bakomliggande problem, enn eit sjølvstendig problem.

Korleis kan vi hjelpe menneske som har høg sannsynligheit for å utvikle eit rusproblem, til å unngå rusproblemet i utgangspunktet?

Hjelpe, ikkje straffe

For det er det viktigaste punktet i rusreforma, å hjelpe menneske med rusproblem, framfor å straffe dei. Det som burde vere i fokus, både i reforma og i debatten rundt, er kva kan vi som samfunn gjere for at menneske ikkje skal hamne i rusavhengighet?

Kva er grunnen til at menneske rusar seg? Det burde vere hovedspørsmålet, framfor om vi skal straffe rusbrukarar eller ikkje.

Den avskrekkande effekten er begrensa, og i mine auge overdriven, når vi ser uansett kva straffereaksjonar vi har, så brukar mange menneske framleis rusmidlar. Anten lovlege som tobakk eller alkohol, eller illegale narkotiske stoff.

Les også: La oss snakke om såre brystvorter og sugeteknikk

Kunnskap om rusmiddel, og dei fysiske konsekvensane og risikoane ved bruk, kan vere meir avskrekkande.

Men aller viktigast, bør vere å sikre at menneske ikkje kjem i den situasjon at dei føler at dei er nøydde til å ty til rus for å takle livet.

Å gi menneske meistringsfølelse, tilhøyrsle, eit sosialt nettverk, ja sjølv enkle rutinar for å fylle dagane med meining, er nokre grep som kan hjelpe mange.

Både for å få menneske ut av rusavhengiheita, men også å førebyggje og hindre at dei kjem inn i rusen i første omgong. Dette var noko av hovudvillkåra for både Portugalmodellen og Islandsmodellen.

Dei førebyggande tiltaka

Debatten om rusreforma må gå inn på det som er det viktigaste punktet i ei rusreform: Førebygging.

Spesielt for born og unge. Korleis kan vi sørge for at menneske ikkje kjem inn i rusavhengigheit i utgangspunktet?

Det å sikre alle born og unge har tilgang til fritidsaktivitetar som kan gi meistring i kvardagen er eit enkelt, men viktig og effektivt grep for å hindre utanforskap og tomheit i kvardagen. Ei fast rutine utanom skule å gå til.

Satsing på å styrke tilbod for born og unge er ei nødvendigheit, og må prioriterast enda meir.

Ein av suksessfaktorane

Regjeringa har løyvd midlar til å styrke tilboda til born og unge for alle, blant anna gjennom BUA-sentralane (Born og Unge i Aktivitet) som gir familiar tilgang på gratis utlån av fritidsutstyr.

Her kjem også Fritidskortet som KrF fekk gjennomslag for til sin fulle rett, for det var ein av suksessfaktorane på nettopp Island som KrF henta inspirasjon frå. For å sikre alle born og unge mellom 6-18 år tilgong til fritidsaktivitetar. At regjeringa også løyver ekstra 400 millionar i revidert budsjett til tiltakspakka retta mot born og unge er også veldig bra.

Dette er midlar som skal gå til å sikre at elevar som har mista skulegang i pandemien skal få ta igjen tapt framgong, samt styrking av skulehelsetenesta og helsestasjonar, avlastning og aktivitetstilbod til born og unge.

Styrking av samtaletilbod

I denne pakka er det også ei styrking av kontakt og samtaletilboda til born og unge, slik dei får lettare tilbod til å snakke med nokon om dei treng det. Tettare oppfølging til sårbare grupper og fokus på førebygging mot vald og overgrep.

Vel og bra, men vi treng enda meir. Ikkje berre midlar, men også måten vi møter utfordringane på. Vi har ein tendens til å måle problemstillingane i hel, utan å ta tak i verken sjølve problemet, eller årsaka til problemet. Her har «AS Noreg» ein heil del å ta tak i. Men det får bli ein anna kronikk.

La unge få vere unge

Vi kan byrje med å spore rusreforma inn på det sporet som vil vere til mest hjelp, nettopp med å ha fokus på førebygging, og preventive tiltak, for å unngå at ungdom tyr til rusmiddel for å rømme frå kvardagen.

La oss heller møte dei med omsorg og forståing, og gi dei kjekke alternativ som gir meining i ei hektisk kvardag, som kan vere prega av stress, kroppspress, angst, depresjon, einsemd, eller tomheit.

La born og unge få lov til å vere nettopp det:

Unge, med håp for framtida.

Henning Holsvik, fylkesleiar Møre og Romsdal KrFU og 5. kandidat for Stortingsvalet, Møre og Romsdal KrF, Volda

Les flere meninger fra Norsk debatt

Kommentarer til denne saken