(Firda): Auga mine vart store som tinntallerkar.

Kvinna framfor meg verka stolt i det ho snakka til forsamlinga. Eg vart alt anna enn imponert.

«Typisk», tenkte eg.

Irritasjonen akselererte og skaut ut i heile kroppen.

«Typisk at peikefingeren går feil veg».

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Eg må nesten slå fast éin ting før vi går vidare: Eg let meg raskt rive med når kjenslene blir sett i sving. Det gjer livet ganske interessant, men i visse tilfelle utfordrande.

Dette er eit slikt tilfelle. Eg kan enno hugse korleis det kokte inni meg, og kor mykje eg måtte anstrenge meg for å skjule reaksjonen min.

Rundt meg i salen sit det mange kollegaer frå ulike mediebedrifter i Sogn og Fjordane. Vi er til stades på ein paneldebatt, etter å ha sett dokumentaren om Trond Giske.

I panelet sit redaktørar og politikarar. Frå salen kjem eit uunngåeleg spørsmål; kva har vi lært av Giske-saka, me-too, og kva gjer vi for å få bukt med seksuell trakassering?

Svaret startar bra.

Politikarane er særleg på. Det vert anerkjent at det er ein ukultur som har fått vakse fram over fleire tiår, og at ein ikkje må tru at slikt ikkje skjer i våre eigne kretsar.

Felles for dei partia som vart representerte under debatten, var at dei driv meir opplysningsarbeid og har fokus på dette når det kjem til ulike arrangement.

Les også: Dickpicks og gangbang på barnerommet

Men så kjem vi til faktiske tiltak. Slik eg hugsar det i dag, blir det sagt frå scena at vaksne kvinner «passar på» dei yngre. At det sit erfarne kvinner ved borda på samlingar, for å sjå til at det ikkje skjer noko upassande. At unge kvinner blir åtvara om å bli med på etterfestar og at dei får tilbod om å bli følgt til romma sine av ein trygg vaksen – altså ei kvinne.

Og sjølvsagt: Alkoholinntaket blir stramma inn.

For det er alkoholen som er problemet. Eller?

Reglane vi lagar er ikkje for dei som utset, men for dei som blir utsett.

Den same gamle regla. Men viss løysinga er å fjerne «freistinga», så har vi inga løysing i det heile tatt.

For eg veit, sannsynlegvis i likskap med deg, at seksuell trakassering og overgrep ikkje berre skjer i politikarkretsar, med alkohol i blodet.

Trakassering og overgrep skjer på bussen, i heimen, på fest, på skular og i barnehagar, på butikken, på internett, på stranda. Eg kan halde fram slik i timevis, for det er verkeleg ingen plass ein er heilt trygg som kvinne. Eit barn på eitt år og ei kvinne på 90 år er begge potensielle ofre. Dette veit vi.

Derfor blir eg så forbanna når peikefingeren går hitover når vi snakkar om kven som må ta grep for å lage eit trygt samfunn for unge kvinner.

Les også: Mediene beskytter menn med makt

Mennene derimot, dei må vi verne for seg sjølve. For stakkars, dei er jo så dumme og impulsive, dei har ikkje anlegg for å styre seg. Så alle kvinner: Pass på, så du ikkje freistar ein mann til å valdta deg.

Eg forstår at dette ikkje er intensjonen, men det er faktisk slik vi snakkar om temaet.

Peikefingeren må bli snudd. For å rette den mot offera, funkar ikkje.

Nyleg publiserte Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress ein rapport, som viser at vald og overgrep aukar. Dei omtalar det som eit stort samfunnsproblem, og slår fast at kvinner er særleg utsett for seksuell vald og vald i nære relasjonar.

I den same rapporten kjem det fram at politiet berre er kjend med ein liten del av valden, og kun halvparten av dei utsette – som er ein av fire kvinner i Norge – hadde snakka med helsepersonell om det dei hadde opplevd.

Ærleg talt så er det ingenting i den rapporten som sjokkerer meg.

Dette temaet er ikkje ukjend for meg, det er ikkje berre noko som skjer «der ute». Når eg fortel menn om kor mange kvinner rundt meg som eg veit har blitt utsett for trakassering, overgrep og seksuell vald, blir dei derimot ganske sjokkerte.

For dei kunne aldri gjort ei slik handling. Og dei nektar å tru at faren, broren, kompisen eller sjefen er i stand til det heller.

Rart det der. Alle kjenner ei kvinne som har blitt valdteken, men ingen kjenner ein valdtektsmann.

Sjølv kjenner eg fleire som har blitt dømde opp igjennom åra.

Ingen av dei er vener av meg, men det er folk eg kjenner frå heimbygda, og som eg har møtt i ulike situasjonar gjennom livet. Dei er vaksne, unge, nokon med seriøs jobb og familie, andre med ein trist skjebne farga av narkotika og kriminalitet.

Eg kjenner kvinnene som vart utsett. Elevane deira. Venninne, døtrene, barnebarna.

Les også: Takk skal dere ha, influensere!

Enkelte har fortalt meg at dei aldri kjem til å melde overgriparen sin. Skamma og skuldkjensla er for stor.

Tenk deg det. Tenk deg all den sorg og smerte nokon har påført desse kvinnene, og så er det dei som tek skulda?

«Eg skulle gjort noko. Eitt eller anna» sa ei venninne til meg ein gong, då ho fortalde om ei hending. Men ho kunne ikkje gjere noko. Dessverre. Ho hadde ingen reell veg ut. Den einaste som kunne, og skulle gjort annleis, var mannen på den andre sida.

Det synest ho er vanskeleg å forstå.

Derfor må det vere mi og di oppgåve å ikkje legge skulda på henne.

Det er ikkje ho som har gjort noko feil, og det er ikkje ho som treng reglar. Uansett kva reglar ho får, og følger, så er det ingen garanti for at det ikkje skjer igjen.

For dei mennene – og kvinnene – som utset kvinner, barn og andre menn for denne type vald, held på som før. Dei leitar etter svakheiter, og slår til når sjansen byr seg.

Håpet mitt er at vi snart vendar søkelyset på dei, og på kva vi gjer feil i samfunnet. Korleis skal vi oppdra barna våre til å ikkje bli overgriparar? Korleis skal vi rehabilitere dei som allereie har gjort seg skuldig i seksuell vald? Korleis skal vi snakke om dette temaet, utan å indirekte skulde offera?

Eg synest det er svært urovekkande at vald og overgrep aukar i Norge. Korleis blir framtida for døtrene våre? Tanken er skummel, og dei einaste som kan gjere noko med det, er meg og deg.