(Bergensavisen): «Du må villa deg litt vondt for å jobba hjå oss. Me er ganske tøffe, me. Me kan læra deg at arbeidslivet slettes ikkje er nokon dans på roser. 7 av 10 unge vil ikkje jobba hjå oss, fordi dei er redde for å vera stressa på jobben.»

Om lag slik var førsteinntrykket mitt av reklamekampanjen, som hurtigmatkjeda McDonald's om dagen veltar over oss. På nettet, mellom fotballkampar på TV, og på reklameboards der folk ferdast.

Det finst sikkert ein eller annan smart tanke bak kampanjen, som eg sikkert burde vera intelligent nok til å få med meg. Som at stress kan vera noko positivt, om ein greier å handtera det. Det er iallfall det folka bak kampanjen har hevda.

Dessverre er ikkje McDonald's i posisjon til å sleppa unna med ein slik bodskap. Særleg ikkje når dei rettar seg mot unge som skal inn i arbeidslivet.

Til det er opprullingane, som BA dei siste åra har grave fram, for alvorlege. Det er slettes ikkje «positivt stress» som har fått unge arbeidstakarar til å ropa ut om forhold som slettes ikkje høyrer heime i det norske arbeidslivet.

Ved restauranten i Åsane rapporterte unge arbeidstakarar om at dei vart pressa til å jobba når dei var sjuke eller hadde smerter, om underbemanning, og ein leiarstil prega av låg empati og manglande vektlegging av arbeidsmiljø.

Arbeidstilsynet slo fast at «fokus på økt fortjeneste går på bekostning av arbeidsmiljøet og unge arbeidstakere». Også ved restauranten i Laguneparken florerte brota på arbeidsmiljølova.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Fleire sjefar måtte gå som følge av dei opprørande oppslaga. Den administrerande direktøren i Food Folk Norge, som forvaltar merkevara her til lands, gjekk av.

Signala var no at alt skulle verta så mykje betre. Likevel har nye tilsette stått fram og klaga på arbeidsforholda. Haval Hashim (19) stod i februar fram i BA. Fortalde at han ikkje orka meir, og hadde sagt opp. Leiinga avviste at dei hadde problem ved restauranten.

Det var ikkje berre McDonald's som hadde utfordringar. Då Happy donuts starta opp i Bergen våren 2021, stod hundrevis og fraus i kø for å sikra seg dei amerikanske smultringane – overlessa med søt pynt.

Det tok ikkje lang tid før det var dei tilsette som stod i kø for å komma seg vekk frå arbeidsplassen. Dei tilsette vart overvaka med kamera, varsla om aggressiv leiarstil og stadig nye ukjende personar som dukka opp som representantar for arbeidsgjevaren.

Arbeidstilsynet tok affære og stengde heile sjappa. I november kom meldinga om at selskapet vart slått konkurs.

Les også: Det foregår daglig. Og det rammer mange av våre medarbeidere

Cochise Holland, ein av dei som jobba hjå Happy donuts, fortalde til BA at han håpa at historiene frå den tidlegare arbeidsplassen hadde nådd ut til unge folk.

«Eg har lært korleis ein skal ta tak i ting om ein vert dårleg behandla. Ein bør òg melda seg inn i eit fagforbund», sa Holland.

I ein annan krok av serveringsbransjen er det full konflikt – nettopp fordi tilsette har vorte fagorganiserte. Ved restauranten til Olivia i Hegdehaugsveien i Oslo har 15 medlemmer i Fellesforbundet gått ut i streik, fordi dei ønskjer tariffavtalen til Fellesforbundet, noko leiinga i Olivia ikkje går med på.

«Nå kjemper vi i Olivia for vår kultur og vårt verdisyn» kunne ein lesa på nettsidene til restaurantkjeda. Seinare vart teksten endra, utan at «kulturkampen» ser ut til å vera over.

Les også: Olivia-ansatte skulle betale når kundene stikker fra regningen: – Ulovlig

Tariffavtalen det er snakk om, er ikkje noko meir mystisk enn overeinskomsten mellom NHO reiseliv og Fellesforbundet. Det handlar om lønn. Det handlar om arbeidstider. Det handlar om korleis ein skal ha det på jobb. Ein avtale som ikkje i særleg grad skil seg frå tariffavtalane som formar arbeidskvardagen til vel halvparten av dei tilsette i privat næringsliv, og nesten alle som jobbar i det offentlege.

Denne «kulturkampen» handlar om ei tru på at det organiserte arbeidslivet skal gjera livet vanskelegare for bedrifter som vil lukkast.

Det rimar dårleg med korleis den organiserte delen av arbeidslivet ser på samkvemmet mellom leiing og tillitsvalde. Ifølge NHO sitt arbeidsmiljøbarometer meiner 9 av 10 arbeidsgjevarar at samarbeidet med tillitsvalde er positivt. 8 av 10 bedrifter meiner at samarbeidet er godt når det gjeld førebyggande arbeidsmiljøarbeid. Meir enn 6 av 10 meiner òg at samarbeidet bidreg til at bedriftene vert meir lønsame.

Det er grunn til å tru at det er ein samanheng, her.

Les også: Rottene gnagde seg en motorvei

Mellom alle dei stygge sakene om arbeidsmiljø innan restaurant og servering, og at bransjen har den lågaste organiseringsgraden i den norske arbeidsmarknaden. I 2021 skreiv BA at berre 15 av 432 serveringsstadar i Bergen har tariffavtalen med Fagforbundet, som dei tilsette i Olivia no streikar for å få. Fellesforbundet meiner at ein fryktkultur i bransjen gjer at færre organiserer seg.

Ein av dei plassane som faktisk har tariffavtalen, er McDonald's-restauranten i Åsane, som etter avsløringane til BA i 2021 var den første i kjeda som fekk avtalen på plass.

Bransjen ser dessverre heller ikkje ut til å stå særleg høgt i kurs blant dei unge. Nyleg vart søkartala for dei vidaregåande skulane i Vestland presentert. Berre 163 av dei nesten 9000 elevane som denne våren søkte skuleplass, har søkt seg til restaurant- og matfag. Det er ein nedgang på 18,5 prosent samanlikna med i fjor.

På same tid skryt McDonald's av det dårlege omdømmet dei har blant unge i reklamekampanjar, og innfører skanning av fingeravtrykk når dei tilsette skal stempla inn. Kanskje er det effektivt for dei, men mykje tyder på at dette berre sementerer eit bilde av ein bransje der du må tola røffe forhold om du skal verta verande.

Det er ikkje slik norsk arbeidsliv skal vera. Det er i all hovudsak ikkje slik norsk arbeidsliv er. Det er heller ikkje slik serveringsbedrifter flest, er.

Dei store aktørane, som McDonald's og Olivia, burde heller læra av dei ufatteleg mange bedriftene i dette landet, som både vert meir lønnsame og som greier å utvikla arbeidsmiljøet sitt, fordi det organiserte arbeidslivet sikrar høg tillit mellom tilsette og leiing.

Kom igjen, unge i jobb fortener betre enn dette!

Eit ryddig arbeidsliv smakar best.

Alternativet er slettes ikkje særleg tøft.