Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
(Hardanger Folkeblad): Jostein Røstbø hadde eit interessant innlegg i avisa Kvinnheringen for ei tid sidan om smelteindustrien/Hydro, og korleis elkrafta vert bruka i Noreg.
Verda har endra seg kolossalt sidan denne og annan industri vart utbygd. Det byrja i England på 1800-talet, men då var alt basert på koldrift. Kjent er det jo, om spinnejentene som ville øydelegga dei dampdrivne fabrikkane som laga tøystoff i ein rasande fart. Så kom elkrafta for fullt kring 1900, og Noreg vart stor utbyggar.
Les også: Statskassa har åpnet sløseslusene på vidt gap
Store overføringslinjer var ikkje oppfunne, så straumen måtte brukast der den vart produsert. Smelteverk av ymse slag vart lagt i dei minste utkantbygder langs kysten, det var for det meste utanlandsk kapital, men det vart mange gode arbeidsplassar av det. Fortenesta gjekk vel stort sett ut av landet, då som no.
Eit døme: I Mauranger vart fallrettane selde kring 1915. Baroniet i Rosendal eigde alle gardane på Øyre og selde dei, cirka 40.000 mål. Det var tenkt ein fabrikk nede ved sjøen, men av ein eller annan grunn vart det ikkje noko av. Seljarane tok unna «fritt lys til gårdens behov, levert ved husvegg» som etter mange år med diskusjonar enda med 5 kw. Ein var litt smartare, han skulle ha «tyve lamper», det var skikkeleg mykje. Straum i heimen til anna enn ljos visste ingen om den gongen, i alle fall ikkje bøndene i Mauranger.
Den gong som no, ingen klarer sjå korleis det vert i framtida.
Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt
Eg kjenner ikkje til kor råstoffet til annan smelteindustri kjem frå, men all bauxitten som vert til aluminium kjem i alle fall frå tropiske/subtropiske strøk. Det er rekna med at Guinea i Afrika har størst reservar, cirka ni milliardar tonn. Australia har òg mykje, men ingen kan vel vera so galne at dei sender råstoffet på ein månads tur, ille nok med eit par veker frå Brasil, der Noreg får mesteparten frå. No såg eg nett at Indonesia vil nekta all eksport av bauxitt, dei vil vel nytta den sjølve.
Då den industrielle revolusjonen kom var all utvikling i verda styrt av USA, Europa og kolonimakter, mellom anna var Guinea fransk. Ingen kunne vel finna på tanken å bygge eit aluminiumsverk der, sjølv om den veldige elva Niger renn gjennom landet og kunne blitt til enormt av kilowatt. Då hadde dei kanskje kome seg ut av fattigdomen òg? Så hadde òg Noreg verdas tredje største handelsflåte, vi hadde nytte av å frakta råstoffet i vekevis på havet, og ferdigproduktet ut att til mange land.
Les også: Nå får Harald og Sonja en svigersønn som går Tix en høy gang på fyllefest i fjellet
Det er ikkje mykje av det som vert brukt her i landet. No er forresten handelsflåten òg hengt eit anna flagg på. Eg har litt personleg erfaring med dette, eg var nokre gonger eit par døger oppover ei elv i Guyana, Sør-Amerika. Kunne ikkje lasta fullt der, men var innom Trinidad eller Barbados for å lasta opp, var aldri til Noreg, men nokre gonger til Canada, tur-retur eit par veker. Dette viser toskeskapen. Eg vil kalla plassen eit lutfattig, underutvikla samfunn, men lenger opp i elva er der eit enormt fossefall. Der kunne vel blitt eit svært kraftverk? Og aluminiumsverk?
Eg har difor eit forslag som dei fleste vil meina er heilt idiotisk: Legg over tid ned all aluminiumsindustri i Noreg.
Men folka då? Gi alle over 40 år full pensjon, dei som vil og dei yngre får arbeid over alt, det er enorm mangel på arbeidskraft, sikkert fleire hundre tusen er frå andre land no.
Gunnar Stavrum: Skråsikre økonomer slakter strømstøtte og vil at strømmen skal være dyr for folk
Straumen? Unødvendig med vindmøller, bygg likevel meir kablar til utlandet og eksportér kolossale mengder. Etter kvart som all energi frå Russland bør kuttast vekk vert prisane ute veldig bra, men innfør eit anna prissystem her i landet.
Vi kan ikkje halda fram som for hundre år sidan.