Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
(Sogn Avis): Ganske nyleg kom eg over eit lesarinnlegg forfatta av ei kvinne som var lei av å få bilete av ukjende menn sine kjønnsorgan i ein eller annan chatapplikasjon. For dei var visst mange. Eg fann ikkje att akkurat den no, men eg dumpar over slike hjartesukk i ny og ne, så eg fann no diverse liknande skribleriar om temaet.
Moralist prøver eg å vera så sjeldan som mogleg. For eg har no funne på mykje rart, eg også – som å prøva å sjarmera ei i senk ved å tilby henne ei slags kiste med Iron Maiden-effektar på ein studentfest for eit halvt liv sidan (Ho fekk seg ein god latter, i det minste. Ganske mange andre også, ifølgje dei som hugsar det).
Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt
Men her gjer eg at eit unntak frå moralist-regelen. For å senda ein dickpic kunne verkeleg ikkje falla meg inn. Så eg skal ramsa opp mine argument for å ikkje gjera det:
Ei slik skildring burde ikkje vera naudsynt, men tydelegvis er det på sin plass: Sjølve penisen er altså denne snabelforma greia som utover å vera veldig justerbar og å tena to føremål ikkje har så frykteleg mykje fascinerande ved seg. Eigentleg har den ganske keisam utsjånad. Pungen bak ser ut som kloning av ei sviske og ein kråkebolle, med viltveksande hår på (sjølv om eg har skjønt at mange moderne menn friserer dette flittig).
Noko openbert veldig fotogent objekt er det difor i mine augo ikkje.
Det eg kunne ha tenkt meg, var eit bilete av ein som tek ein dickpic. For korleis gjer ein det der? Siktar seg inn med selfiefunksjonen der nede? Gjer ein det frå brysthøgd i fugleperspektiv? Eller er det Kåre Conradi-style med ein spegel involvert?
Ubegripeleg teit må det i alle fall sjå ut når ein styrer på.
Eg sjølv har faktisk ikkje lyst på bilete av eit kvinneleg kjønnsorgan på chat (ikkje mannleg heller, altså). Mogleg eg er sart og rar der, men eg hadde vorte litt skremt – tykt det var litt creepy og tenkt at ho her må no vera spinn hakke gal. Så eg hadde nok kutta kontakten umiddelbart, keisam som eg er.
Og då er det altså ikkje mindre usømmeleg hin vegen. Heller motsett.
Les også: Når vennekretsen plutselig blir mindre
Eg har liksom ikkje trua på at det ville ha funka. For eg reknar med at målet med å senda slike bilete er å imponera vedkomande i seng. Slik eg kjenner kvinner flest er det ikkje slikt dei fell for. Dei er ganske oppegåande (til tider lunefulle) vesen, likar å i det minste vita litt om kven dei har med å gjera før det eventuelt blir noko meir.
Så det er ein feilslått strategi om ein er på jakt, trur eg. Og funkar det, er det kanskje grunn til bekymring for kven ein har rota seg borti.
Ein kan få kjønnsorganet sitt spreidd for vinden. Mottakaren kan jo ta hemn og gjera stasen tilgjengeleg for kven som helst.
Ein typisk dickpicar tykkjer kanskje det er stas, men det hadde ikkje eg tykt.
Då eg var liten og fekk forklart kva blotting var, forstod eg det slik at dette var mest som ein sjukdom. Ein slags sjukleg trong for å visa den fram. Og den store skilnaden er det ikkje mellom dickpic-sending og blotting.
Den kategorien ser eg ingen grunn til å falla inn i.
Misforstå meg rett: menneskekroppen er vakker, ein skal ikkje skjemmast over nokon kroppsdel, og så vidare. Og kjærastar eller liknande konstellasjonar som har ei greie med å senda intime bilete til kvarandre, må berre styra på – det skal ikkje eg leggja meg borti, for all del. Men å fyra av garde eit penisbilete til nokon ein aldri har møtt tykkjer eg berre er heilt utruleg teit og lågmål.
Hald mobilkameraet unna snurren i påska.