Eg undrar meg ofte når det er snakk om ulikheiter.

Det er ingen som nemner noko om kva innsats kvar enkelt gjer.

Meinar desse at alle skal ha lik inntekt, uansett kor mange timar dei jobbar eller kva innsats dei gjer?

Dei som er sjuke og ikkje kan arbeida må sjølvsagt ha så god trygd at dei har eit godt liv. Men, det kan vel ikkje vera nokon som meinar at alle skal ha same lønn uansett kva situasjon du er i?

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Eg meinar ein må slutta med dette likheitsbegrepet. Det som er viktig er at ingen skal lida naud og ha det vondt.

Å få alt likt kjem aldri til å skje. Nokon av oss er heldige, nokon er uheldige. Nokon vinn i tipping, nokon dør unge, nokon arvar.

Og nokon er totalt klovnar til å ordna seg, nokon vil ikkje arbeida, nokon vil abeida lite, nokon mykje.

Eg kjenner forresten ingen rundt meg som har det dårleg materiellt.

Les mer fra Norsk debatt