(Firda)

Det er sikkert ein eigen plass i Helvete til han som fann opp alle desse klubbane som vi blir lokka inn i – klubbar vi MÅ vere med i for å få rabatt. Og trass i at eg har sagt stopp til meg sjølv fleire gonger, denne karusellen skal eg hoppe av: så går eg i fella gong på gong.

Som sist veke, då eg fann eit par med sko eg likte godt på eit kjøpesenter i Sogndal. Det var strålande sørvis og gode greier, ekspeditøren greidde endå til å finne rett storleik. Endeleg skulle eg få kaste joggeskoa som skulle vore i Hesjedalen for lenge sidan.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Prisen var heilt OK, og endå betre skulle den bli. For vel framme i kassa fekk eg, som de sikkert har funne ut allereie, tilbod om å melde meg inn i ein klubb.

«Viss du gjer det får du 20 prosent avslag!» Var meldinga eg fekk. Nokon som klarer å seie nei til det?

Neppe. Eit par minutt seinare hadde eg lagt inn namn, adresse, mobilnummer og e-postadresse på mobilen og vips vart talet på kasseapparatet endra frå 1295 til 1038 kroner!

Juhuu! Gratis pengar!

Så der gjekk eg, i Sogndalsfjøra, med eit nytt par med sko i handlenettet og med endå eit medlemskap i ein eller annan klubb på samvitet.

Snart tikkar det inn meldingar med rasande gode tilbod – også frå denne klubben. For det har vorte ein del klubbar etter kvart, eg lyt vedgå det. Det er vanskeleg å stå i mot gratis pengar.

Les også: Ekstreme strømpriser: Nå er det tydeligvis vanlige folks tur til å bli ranet

Men eg kjenner meg litt kjip som sel kontaktopplysningane mine for eit par hundrelappar. Og kven veit kva alle desse opplysningane blir brukte til ein gong i framtida? Kva om denne butikkjeda går konkurs? Kjem dei då til å slette meg frå listene sine? Eller kva skjer viss dei blir kjøpt opp av eit amerikansk konsern med frynsete moral?

Ikkje veit eg. Eg har sikkert haka av for at opplysningane mine kan brukast til alt mogleg rart. Der er eg sikkert på linje med dei fleste andre, nokre hundrelappar rett i foret er viktigare enn å sjekke kva avtale vi eigentleg gjer, når vi trykker «godta» på avtalevilkåra.

Det verste er at det er heilt håplaust å vite kva ei vare eigentleg kostar lenger. Det er tre for to, du får den billegaste gratis, 15 prosent på dei «fleste» varene i butikken resten av dagen, og endå meir rabatt viss du melder deg inn i klubben vår og joggar to gonger rundt butikken vår før klokka 12.

Les mer fra Norsk debatt her

Det er nesten så eg lengtar tilbake til det gamle Samvirkelaget der vi fekk att to prosent av det vi har handla mot at vi la fram ein berepose med kvitteringar på slutten av året. Då måtte vi slite for kronene.

Gode gamle dagar, rett og slett!