Gå til sidens hovedinnhold

Fakta om kjønn kan aldri bli kriminelt

Meiner Karoline Skarstein at eg har gjort noko straffbart når eg avviser påstanden hennar om at menn kan føde? spør Jenny Klinge (Sp).

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Transperson Karoline Skarstein skriv i eit innlegg i Nettavisen at eg utøver hatefull retorikk når eg fastslår at menn ikkje kan føde barn. Men å slå fast fakta er ikkje hatefullt, og kan aldri bli det.

Hatefulle ytringar blir derimot ramma av straffelova og strafferamma er inntil tre år i fengsel. Eg vil derfor ha svar frå Skarstein: Meiner ho at eg har gjort noko straffbart når eg avviser påstanden hennar om at menn kan føde?

Les innlegget til Karoline Skarstein her

Ufin hersketeknikk

Vi er på ville vegar viss Skarstein og andre får til å kvele ein viktig debatt ved å hevde at frie meiningar og faktaopplysningar om at biologisk kjønn er straffbare. Heilt utan å vise til kva eg skal ha skrive eller sagt, skriv Skarstein sjølv dette til Nettavisen: «I stedet går Jenny Klinge enda lengre, i det som virkelig kan omtales som et personangrep mot en privatperson fra en stortingspolitiker.»

Her må det faktisk stillast krav til ein viss grad av seriøsitet. Å slenge fram påstandar om personangrep og hatefull retorikk utan dokumentasjon er ein ufin hersketeknikk.

Temaet for debatten er eigentleg kva kjønn som føder barn. Eg har aldri dratt i tvil følelsane eller identiteten til transpersonar. Eg har stor forståing for at identitet er viktig for folk, uansett om det er snakk om kjønnsidentitet eller geografisk tilhøyrigheit. Men det er fullt mogleg å respektere ulike identitetar og sjølvoppfatningar utan å sjå vekk frå fakta, som at det berre finst to biologiske kjønn.

Biologiske mekanismer

Kjønn er ein biologisk mekanisme for reproduksjon. Evolusjonsbiologane kan stadfeste at kjønn er todelt i ho og han. Skilnaden ligg i forplantningsorgana våre og i at hokjønn produserer eggceller og hankjønn sædceller. Hokjønn føder barn.

Identitet – og oppføring av juridisk kjønn i offentlege dokument - kan vera viktig for den enkelte. Likevel kan dette aldri overstyre biologiske prosessar og fakta.

Les også: Må ha ballar nok til å stå opp for sunn fornuft

Kvinner som skiftar juridisk kjønn i offentlege dokument kan etter ei lovendring i 2016 behalde dei kvinnelege forplantningsorgana sine og føde barn. Men dette er jo ikkje bevis på ein biologisk revolusjon – at menn plutseleg kan føde barn.

Når ein transmann ved hjelp av medfødde kvinnelege organ føder ein unge er det dette som skjer: Ein kvinnekropp føder ungen. Ikkje alle kvinner føder barn, men alle menneske som føder barn er kvinner.

Både for heterofile og homofile har kjønn betydning. Å respektere ulike seksuelle legningar inneber å anerkjenne det faktum at det finst to ulike kjønn og at kjærleik også kan oppstå mellom to av same kjønn.

Toskete utsagn

Eg har ikkje noko imot transpersonar. Derimot har eg store problem med påstandar om at biologiske fakta ikkje lenger er gyldige. Dette gjeld uansett om det er transpersonar eller andre som hevdar slikt.

Det er likevel verdt å merke seg at ikkje alle transpersonar påstår at det er mogleg for menn å føde. Desse stemmene er knapt høyrbare. Er det vanskeleg å ha ein open debatt om temaet også innanfor dei miljøa som meiner at dei sjølve er aller mest opne og tolerante?

Les flere saker fra Norsk debatt her

Skarstein skriv mykje rart om meg, mellom anna at eg er «besatt av kjønnsorganer». Debatteknikken blir ikkje betre av å koma med toskete utsegn til stadigheit.

Sjølvsagt er personlegheit, eigenskapar og oppførsel det viktigaste i møte mellom oss menneske, ikkje kjønnet vårt. I forplantninga, når vi lagar ungar og når ungar skal bli fødde, er derimot kjønn heilt vesentleg.

Karar og kvinnfolk har kvar sin funksjon i dette og kjem alltid til å ha det. Kvinna har eggceller, livmor og ein fødselskanal. Menn stiller med sædcellene. Saman skaper dei liv.

Kvifor ikkje sjå på dette som naturleg og fint i staden for å krølle det til med påstandar som aldri kjem til å få støtte i vitenskapen? Kva vil somme oppnå ved å hevde at det er hatefullt og eventuelt også kriminelt å fastslå fakta om kjønn?

Kommentarer til denne saken