Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Eg forsvarer ikkje at stortingsrepresentantar skal få urimeleg gode ordningar, men ordningane må sjåast på med eit heilt anna blikk enn det media vel å bruke.
Poenget er at mange av ordningane er der fordi demokratiet skal vera like tilgjengeleg for meg som bur på indre Nordmøre, med om lag fem timar reiseveg til Stortinget, som for ein osloborgar.
Vi vil helst at så mange som mogleg skal halde fram med å bu i heimfylka sine når dei blir innvalte på Stortinget. Dette er bra for kontakten mellom veljarane og oss stortingsrepresentantar. Det er òg til stor nytte for folk og næringsliv i heile landet at vi kjenner stoda rundt omkring.
Då må det ikkje vera ei ulempe å koma frå «gokk» når du sit på Stortinget.
Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt
Vi er ikkje vanlege vekependlarar
Saka har både eit folkestyreperspektiv og eit distriktsperspektiv. Pendling til ei nasjonalforsamling vil aldri bli det same som anna pendling. Kvifor skal det då samanliknast med dette?
Stortingsrepresentantar er ikkje ein del av det vanlege arbeidslivet og vi er ikkje vanlege vekependlarar. Eg beklagar dette, men slik er det. Særordningane provoserer mange, men er der for å gjera demokratiet tilgjengeleg for alle og sikre at dei folkevalte kan halde fram med å bu i alle delar av landet.
Derfor skal det sjølvsagt ikkje medføre store ekstrautgifter å ha pendlarleilegheit i Oslo når du sit i nasjonalforsamlinga. Ein nordmøring og ein nordlending som vil bu i heimfylket skal ikkje straffast for å ha ei eiga hushaldning heime i forhold til dei som bur i eller nær Oslo og kan bu i sin eigen heim heile tida.
Les også: Synkende tillit og stigende politikerforakt
Slepp den ekstra straumutgifta
Rasmus Hansson frå MDG har kritisert at stortingsrepresentantar ikkje betaler for straum i pendlarleilegheita, men dette handlar om at systemet ikkje må stimulere til at stortingsrepresentantar sel huset sitt heime og flyttar til hovudstaden i hopetal fordi det er enklare og rimelegare.
Hansson bur for øvrig i Bærum og slepp så vidt eg veit å ha pendlarleilegheit. I så fall slepp han behageleg nok også den ekstra straumutgifta som han etterlyser at vi stortingsrepresentantar med lang reiseveg må betale. Det er for øvrig allereie dyrare å bu på to ulike stader fordi ein må ha dobbelt opp med mykje.
Eit verv, ikkje eit yrke
Stortingsvervet er ikkje omfatta av arbeidsmiljølova og inneheld mange særs lange arbeidsdagar. Ingen dagar i året er skjerma mot henvendelsar, verken langfredag eller første juledag. Vi kan beint fram arbeide helsa av oss utan at nokon bryr seg.
Det skal vi ikkje syte over, men det kokar ned til at dette er ikkje eit yrke. Det er eit verv. Og dette vervet ønskjer vi å rekruttere eit mangfald av folk til.
Dette er sjølvsagt ikkje eit forsvar for å misbruke ordningar. Det er eit forsvar for sjølve ordningane. Juks med ordningane er ei anna sak, og slikt skal granskast og etterforskast på nødvendig vis. Berre ikkje skjer oss alle over ein kam i fordømmelsen av feil som er begått, for vi på Stortinget er like ulike som anna folk. Vi må også kunne gjera opp for oss som anna folk når vi trør feil.
Ikkje bra for vanlege folk
Problemet no er at vi alle blir så redde for meir kritikk at vi febrilsk og i hastverk kan ende med å fjerne ordningar som er nødvendige for å fremme demokratisk deltaking av folk frå alle lag og alle delar av landet. Men ønskjer vi at det skal vera dei mest privilegerte personane frå før som får best vilkår for å delta i politikken?
Og ja, det er eit privilegium å ha kort veg til det demokratiske virket i nasjonalforsamlinga.
Det er sjølvsagt greitt å sjekke om rammene kring stortingsrepresentantane er altfor gode. Men viss dette blir gjort utan å ta omsyn til føremålet med ordningane, vil vi dessverre berre ende opp med å fjerne ordningar som no bidreg til at Stortinget består av folk med god kjennskap til alle delar av landet. Over tid vil dette definitivt ikkje vera bra for såkalla vanlege folk og samfunnsutviklinga.
Vi stortingsrepresentantar er verken så sære eller høge på oss sjølve at vi treng spesielle ordningar av den grunn. Men Stortinget kan rett og slett bli meir sært og skeivt samansett i framtida viss vi ikkje tek vare på dei særordningane som fremmer folkestyret vårt.