Gå til sidens hovedinnhold

Fulle ferjer er ikkje eit dårleg teikn

I ei bygd som er avhengig av ferje, kan ei halv ferjetakst vere avgjerande for om ein familie blir buande eller ikkje.

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

I februar bad fleirtalet Stortinget om eit revidert statsbudsjett, som tek høgde for å halvere ferjeprisene på alle sambanda i Noreg.

Finn Jørgensen og Gisle Solvoll, forskarar ved Handelshøgskolen i Bodø, varslar i ein rapport urolege tilstandar på havet i Noreg. I rapporten meiner dei at sambanda vil bli dårlegare, fordi lågare ferjepriser vil føre til at fleire står att på kaia.

Les også: Tine var en del av påsken, nå har de kjørt seg selv i grøfta

Rapporten tek også for seg antekne høge kostandar i samband med dei halverte prisane, som dei skriv ligg på mellom 0,6 og 1,8 milliardar norske kroner.

Noreg er eit ferjeland

Ferjesambanda er ikkje eit kollektivtilbod – det er ein veg. Og at vegen til tider har høg trafikk, er ikkje eit dårleg teikn. Etter eit år med historisk låge besøkstal, er no meir viktig enn det har vore på lenge, at kystlendte strøk får eit godt samferdselsilbod.

Noreg er eit ferjeland, og mange er heilt avhengige av at vegen deira er der når gjeng frå frukostbordet om morgonen.

I ei bygd som er avhengig av ferje, kan ei halv ferjetakst vere avgjerande for om ein familie blir buande eller ikkje. Flytter ein familie på fem, mistar butikken fem munnar å mette, frisøren mistar fem hår å klippe og klesbutikken mistar fem menneskje å kle.

Med andre ord har dette båe direkte og indirekte påverknad på arbeidsplassane rundt om i landet. Ringverknadane er store. Som innbyggjar i Møre og Romsdal, har eg sjølv kjent på og sett verkelegheita av kor viktige sambanda er i den daglege ferdselstrafikken.

Utan eit fungerande ferjesamband kan ein ikkje besøke vener. Det gjer det vanskeleg å etablere familie samt for lokale næringar å drifte. Pendlinga.

Halv ferjepris er ikkje nok

Mange politikarar som sit i regjering anar ikkje viktigheita av ferja. Likevel er det dei som sit å bestemmer over den, og rammeoverføringane til fylkeskommunane.

Les mer fra Norsk debatt her

Dei mest utette stadane, slik som mange øysamfunn, treng gratis ferjer. Maksimalpris for pendlarar som er avhengige av ferje- og hurtigbåttilbod samt at kostnaden med nullutslepp skal dekkjast av staten, ikkje ferjebrukarane, er òg tiltak som vil styrkje lokalsamfunna og hindre sentraliseringa.­­

Prislappen er ikkje ein kostnad. Tvert imot er det ei investering i distrikta.

Reklame

Ny grillpakke for sommeren 2021: - Våre absolutte favoritter i en pakke

Kommentarer til denne saken