Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Gunhild Stordalen er ivrig med å anklage meiningsmotstandarar for feil fakta i Nettavisen 22. juni.
Les saken her: Gresset ditt er ikke så grønt, Jenny
Ein ting er at ho tar feil om det eg skriv, men ho ser dessverre heller ikkje ut til å vera nemneverdig opptatt av å bruke korrekte fakta sjølv.
Eg er opptatt av norsk sjølvberging. Vi må ta vare på den matproduksjonen som faktisk passar i eit kaldt, vått og bratt land. Husdyrhald med ku, sau og geit er vesentleg og uerstatteleg, fordi vi ikkje får nok protein utan kjøtt og mjølk frå desse.
Vi bør prise oss lukkelege for dei ressursane som ligg i graset, beitemarka og dyra. Husdyra kan også nyttiggjera seg av den store andelen av norsk fôr som ikkje held matkvalitet.
Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt
Svar på Stordalens påstander
La oss ta påstandane frå Stordalen:
For det første bidreg ikkje soyaen som blir importert til bruk i kraftfôr hos landbaserte husdyr i Norge til avskoging av Amazonas. Den er sertifisert GMO- og avskogingsfri. Det er ikkje seriøst av Stordalen å sitere feilaktige uttalelsar som Geir Jørgensen i Raudt har gitt til Nationen om dette utan å sjekke fakta.
Det er også verdt å merke seg at av alt fôret som dei landbaserte dyra i Norge et, består berre fire prosent av soya. Eg meiner det er viktig å erstatte også dette med norske fôrråvarer, og er glad for at det blir forska på gode norske alternativ som kan koma i staden for soyaen. Men dette blir ikkje gjort over natta.
Les også: Ikke bare spiser jeg mye kjøtt, jeg elsker det!
Vidare hevder Stordalen at ei «gjennomsnittlig ku», kva no det måtte vera, et omtrent 45 prosent kraftfôr. Det stemmer heller ikkje. Talet ho kjem med gjeld for storfe til mjølkeproduksjon. Stordalen unnlet å seie at 60 prosent av råvarene til dette kraftfôret er norskprodusert og at av det totale fôret er 82 prosent norskprodusert.
For ammeku er heile 97 prosent av fôret norskprodusert. Det var ein COOP-reklame for slikt kjøtt Stordalen reagerte på og kalte «hjernedødt». For sau/lam er forresten andelen norsk fôr også så høg som 96 prosent.
Så jo Gunhild Stordalen, norske beitedyr et hovudsakleg norsk gras og norskbasert kraftfôr.
Les også: Norsk kjøtt blir aldri «hjernedødt», Stordalen
Her har Stordalen en jobb å gjøre
Eg er einig med Stordalen i at vi treng å auke sjølvforsyninga vår, bruke utmarka meir og auke den nasjonale fôrproduksjonen. Det får vi derimot ikkje til med lågare overføringar til norske kjøttprodusentar og produksjonen dei står for. For skal beiteressursane brukast, trengst det lønsemd for bonden som skal utnytte beitemarkene.
Prisane i butikken må heller ikkje føre til at forbrukarane kjøper importert kjøtt i staden for norsk. For då veks gras- og beitemark her til lands att og vi blir ekstremt sårbare i krisetider når importen stoppar opp.
Les også: Ta på deg ledertrøya, Hoksrud
Eg er opptatt av at folk skal ha eit variert kosthald. Eg ser ikkje nokon motsetnad mellom dette og at folk skal kunne eta norsk kjøtt med godt samvit. Det eg er mot, er kosthaldsråd og politikk som i praksis bygger ned norsk landbruk og norsk matsikkerheit.
Her har Gunhild Stordalen ein jobb å gjera viss ho for alvor støttar norsk sjølvberging. For i eigne kosthaldsråd viser ho at ho har få problem med å prioritere utenlandske alternativ til norskprodusert mat.
Skal vi auke andelen norskprodusert mat i kosthaldet, burde ho vel også anbefale meir norsk mat sjølv?
Skal norsk sjølvforsyning aukast, må dekningsgraden på norske husdyrprodukt forbli høg. Det er uansvarleg å favorisere importerte proteinhaldige plantevarer som vi ikkje kan dyrke i Norge framfor norskprodusert kjøtt.
Rapen fra en ku
Til slutt litt om klimaaspektet ved dette.
Vi må hugse at rapen frå ei ku som gir oss mat og mjølk er noko anna enn utsleppa frå transport eller industri. Klimautslepp frå fossilt karbon, som har ligge lagra i jorda i millionar av år, kan bli verande i atmosfæren i over 1000 år. Metanutslepp frå ein kurap blir brote ned allereie etter 12 år og blir tatt oppatt i kretsløpet.
Biffkjøttet bidreg ikkje til meir utslepp så lenge ein ikkje aukar bestanden. I Norge er talet på storfe nesten halvert sidan 1939 og metanutsleppa er reduserte med 18,5 prosent. Dette har vore mogleg sjølv om både kjøtt- og mjølkeproduksjonen er auka. Landbruket leitar stadig etter meir klimavenlege måtar å drive på og det går framover.
Det er altså feil av Stordalen å seie at vi må eta mindre kjøtt i Norge for å redusere klimagassutsleppa.
Derimot treng vi husdyr og kjøttproduksjon for å ha ein berekraftig og klimavenleg matproduksjon som sikrar oss mat både i fredstid og krisetid.