Gå til sidens hovedinnhold

Hei, Oslo! De kan få vaksinane våre

Hotella girar seg opp før sesongen, borna våre går på skulen, dei fleste av oss er på kontoret og nokre av oss dreg til og med på jobbreiser att.

Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.

(Firda)

Helsebyråd i Oslo Robert Steen foreslår at helsestyremaktene og regjeringa tek eit skippertak for å styrke vaksineringa i hovudstaden.

Han vil at alle dosane som kjem til landet i ei heil veke, 100.000 dosar, blir brukt i Oslo!

Er dette ei godt grep for landet sett under eitt?

Sjølv er eg i den alderen (55) at eg følger ekstra nøye med på mobiltelefonen i desse dagar. Kjem det ei tekstmelding om at eg må komme å få sprøyta? Og kan eg vidaresende den til nokon i Oslo, der pandemien pregar livet på ein heilt annan måte enn den gjer i Sunnfjord?

Les også: Han som klemte - på velgerne sine

Det går nok ikkje. Men det er nesten heilt uproblematisk å sende svært mange vaksinar til Oslo, for at landet vårt totalt sett skal komme seg raskast mogleg ut av dette svineriet.

For mens hovudstaden har stengt ned nesten all aktivitet, så er livet i ein småby på Vestlandet nesten som det var før viruset slo inn over landet.

Høyr berre her:

Butikkane er opne som normalt. I nokre bransjar går salet av varer litt trått, mens andre opplever stor vekst.

Og kafélivet, folkens, er nesten ikkje til å kjenna att samanlikna med førkorona-tida. Faktisk har det opna fleire nye kafear og kaffibarar under pandemien, som sjølv med strenge smittevernreglar går ganske bra. Fullt hus og godstemning.

Nett som i storbyen!

Og slik kan vi halde fram. Hotella girar seg opp før sesongen, borna våre går på skulen, dei fleste av oss er på kontoret og nokre av oss dreg til og med på jobbreiser att.

No håpar vi at også folk i storbyen Oslo kan komme tilbake til eit tilnærma normalt liv så snart som råd.

Vi har vårt å stri med også i Sogn og Fjordane. Nokre smittetilfelle er det her også. Men samanlikna med dei altomfattande konsekvensane dette har i Oslo, blir dette veldig smått.

Det er derfor på høg tid med eit krafttak med vaksinedugnad i hovudstaden.

Men det verkar som politikarane nølar. Det er fleire veker sidan forslaget om ei slik endring av vaksineregimet vart lansert, men regjeringa med helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) er framleis i tenkeboksen.

Dei kan ha gode grunnar for det, sjølvsagt. Dei peikar ofte på tilrådingane frå folkehelseinstituttet (FHI), men for oss vanlege folk er dette svært vanskeleg å skjønne.

100.000 vaksinedosar vil truleg ha ein enorm effekt i Oslo, for folk i Sogn og Fjordane vil dette få små negative konsekvensar, rett og slett fordi det er lite smitte her.

Les flere innlegg fra Norsk debatt her

Og regjeringa Solberg treng for all del ikkje bekymre seg for at dei blir straffa under valet for å ta eit slikt grep. Vi er eitt land, men det treng ikkje bety at alle treng å gjere alt på same tid.

Vaksinane må settast der det er størst smitte, og det er i Oslo.

Så, ja! De kan få vaksinedosane våre, Oslo. Køyr på, få det gjort.

De treng ikkje tenke på oss i Sogn og Fjordane akkurat no. Når dette er over, derimot, kan de komme på besøk. Då kan de oppleve fjordane våre, bu på hotella våre – og bruke alle dei pengane de har spart opp under nedstenginga.

Det kan de gjere som takk for hjelpa til alle dei rause folka i Sogn og Fjordane.

Reklame

NÅ: Tilbud på alle produkter fra Dewalt

Kommentarer til denne saken