Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje hatefullt å fastslå at berre kvinner føder

Det treng ikkje vera ein motsetnad mellom å ha tydelege meiningar om dette temaet og å ha toleranse for andre menneske.

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Karoline Skarstein og eg kan visst aldri bli einige. Det siste innlegget hennar i Nettavisen har tittelen: «For fjerde gang: Menn kan føde!»

Juridiske menn og biologiske menn er ikkje nødvendigvis det same. Eg har heile tida lagt vekt på denne forskjellen når eg har slått fast at menn ikkje kan føde.

Sjølv om eg aksepterer fullt ut at transmenn føler seg som menn og juridisk sett er menn, er biologisk kjønn likevel det heilt grunnleggande i denne samanhengen. Forplantning og barnefødslar er naturleg nok knytt til biologisk kjønn, ikkje juridisk kjønn eller kjønnsidentitet.

Det er kvinnekroppen som føder barn. Skarstein og eg kan gjerne vera ueinige om dette - og om jorda er rund eller flat. Men eg finn meg ikkje i at mine meiningar og faktabeskrivelsar om temaet kjønn blir omtalte som hatefull retorikk.

Eg har gjentatt at eg respekterer at vi menneske er ulike. Eg forstår òg at mange transseksuelle går gjennom vanskelege periodar. Løysinga er uansett ikkje at vi skal slutte å formidle enkle fakta om elementær biologi.

Mange kvir seg for å delta i debatten fordi dei òg urettmessig kan bli skulda for å koma med hatefulle ytringar. Heller ikkje alle transseksuelle er einige med Skarstein og kan finne det vanskeleg å ytre seg.

Les mer fra Norsk debatt her

Eg for min del håpar folk les det eg faktisk har skrive i innlegga mine i staden for å tru på det Skarstein påstår at eg har skrive.

Det treng ikkje vera ein motsetnad mellom å ha tydelege meiningar om dette temaet og å ha toleranse for andre menneske.

Reklame

NÅ: Knalltilbud på de superpopulære sekkestolene

Kommentarer til denne saken