På eit vis som vitnar om manglande empati, gjer Kristjánsson på si eiga Facebook-side narr av at Sve fortel om korleis han opplever hets kring stortingsvervet.

Sve uttalte nemleg på Stortingets talarstol at han kunne bli på gråten av dette. Kommentaren frå Kristjánsson var mellom anna: «når de skal snakke om sin egen lønn, da strømmer tårene på».

Dette er saken: Det er ikke synd på oss stortingspolitikere

Eg forstår Frank Sve

Nei, det var ikkje det Sve sa, og det er direkte ufint å omtale det slik. Kommunisme og forvrenging av verkelegheita høyrer saman, det veit dei fleste, men Kristjánsson bruker anledninga overlag ofte til å forsterke dette inntrykket.

For min eigen del forstår eg godt kva Sve og mange andre av oss på Stortinget kjenner på no som media - og særleg Raudt og MDG av partia - gjer sitt ytterste for å framstille oss som ein gjeng uverksame snyltarar.

Les også: For sære ordningar for Stortinget?

Dei konkrete sakene med mogleg juks er jo noko anna. Der blir enkeltpersonar gått i sømmane og kan få straff alt etter kva dei har gjort. Men kvifor skal ordningar som er der for å sikre demokratisk deltaking frå heile landet plutseleg gjerast til ein folkefiende?

Piskar opp om politikarforakt

At vi som bur langt vekk frå Oslo kan bu gratis nær Stortinget dei åra vi er innvalte er ikkje eit problem. Det sikrar at vi har ulike perspektiv representert i nasjonalforsamlinga. På den måten kan folk og næringsliv rundt om bruke oss som ombodsmenn trass i avstandane til Oslo.

Les mer fra Norsk debatt

Når eg forsvarer dette, får eg berre drit av Kristjánsson, som ikkje ein gong giddar å bry seg med å lesa kva eg faktisk skriv om før han svarer. Problemet er at han og partiet hans stadig piskar opp om politikarforakt og bidreg til mindre tillit til systemet vårt og folka i det.

Tillitssvikt til politikarar og myndigheiter er det siste vi vil ha dersom vi skal bevare eit velferdssamfunn med få konfliktar. Og vi bør i alle fall ikkje ønskje oss politikarar utan empati som heng ut andre folkevalte som fortel om hets.