Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Eit spennande stortingsval er over, og det er tid for refleksjon over politisk promotering i media.
Fleire organisasjonar har valt å presentert kva parti dei meiner i størst grad fremjar deira sak, og ein av desse er Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU).
Men kan ein ideell og frivillig organisasjon som NFU legge slike føringar for stortingsvalet? Eg meiner nei, og argumenterer for at det er uheldig med politisk propaganda retta mot ei av dei mest sårbare gruppene i samfunnet.
Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt
Korrekte politiske kandidatar
NFU skriv på si Facebook-side få dagar før valet (10. september) at no må Oslos velgarar stemme SV fordi 4. kandidaten til dette partiet er ein «ekte NFUer».
Argumentet er at forfattar av teksten, Jens Petter Gitlesen, har kjent kandidaten Cato Brunvand Ellingsen i 15 år, at Ellingsen er utdanna vernepleier, har medlemskap i NFU og viser eit stort engasjement for å betre livsforholda til menneske med utviklingshemming.
Spørsmålet vidare er ikkje om det kan vere andre «ekte NFUarar», som også står på vippen til å få ein stortingsplass og kvifor desse ikkje blir promoterte.
Les også: Et svar fra vanlige folk
Spørsmålet er om NFU, som organisasjon for menneske med utviklingshemming og deira pårørande, har tilstrekkeleg integritet når slike entusiastiske føringar blir publiserte: «Det er overveiende sannsynlig at venstresiden får et stort flertall ved valget. … Da vil kanskje minst en av SVs Oslorepresentanter få en plass i regjeringen og Cato [Brunvand Ellingsen] vil bli fast møtende vararepresentant!».
Eg finn det svært uheldig at organisasjonar som NFU plukkar ut kandidatar med «korrekte» kvalifikasjonar.
Stortingsval er eit partival og uansett kva den enkelte stortingsrepresentant har av personlege interesser, er det partiet som kandidaten tilhøyrer, som er det viktigaste.
Korrekte politiske parti
NFU har vist stor vilje til å spreie kunnskap om stortingsvalet til mangfaldet i befolkninga gjennom sine lettfattelege artiklar på både heimeside og Facebook. Setningane er korte og utan bruk av framandord, men delar av innhaldet kan diskuterast.
Venstresida i politikken blir gjennomgåande framstilt tydeleg meir positivt enn høgresida. Om for eksempel Høgre står det at partiet «er opptatt av at staten ikke skal være for stor og mektig. Høyre vil legge til rette for private».
I kontrast blir Rødt omtalt som partiet som «ønsker en sterk stat og høy skatt for de rike. Skatteinntektene vil de bruke til å hjelpe fattige, syke og andre som har lite og trenger mye». Kven blir framstilt som det mest sympatiske partiet her?
Propaganda
Det er uredeleg overfor dei som sjølve har utviklingshemming, å framstille ein kandidat og eit parti i eit særleg gunstig lys. Det er ikkje alltid lett å vurdere ein tekst kritisk og faren for manipulering er til stades.
NFU representerer ei av dei svakaste gruppene i samfunnet.
I artikkelen Hvilket parti bør få din stemme på Facebook 24. august understrekar NFU at organisasjonen «… kan selvsagt ikke si hvilket parti du bør stemme». Dessverre holdt ikkje NFU dette løftet i innspurten av valkampen.
Forbundsleiar Tom Tvedt, med erfaring frå Ap og idrettens korridorar, bør ta ei runde og rydde opp i eigen organisasjon.