Gå til sidens hovedinnhold

Kven skal skrive takkebrev til Sløseriombudsmannen?  

Sløseriombudsmannen kan bidra til at kunstverda svevar høgare inn i si homogene, elitistiske, og moraliserande sfære, høgt over folk flest.

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

I sommer trakk eg meg frå mitt kortvarige vara-verv i styret i NBK. Ei av årsakane var måten styret valgte å støtte NoDa-oppropet. Eit opprop eg tolka som ei scenenekt for Sløseriombudsmannen.

Her skal eg ikkje diskutere dei ulike oppfatningane om kva som eigentleg stod i oppropet. Dette skulle vere eit takkebrev til Sløseriombudsmannen.

Ei takk

Ei takk for hans offentleggjering av haldningar og meiningar kunstnarar ofte blir møtt med i kvardagen. At han synleggjer dette, betyr at representantar frå kunstfeltet kunne ha møtt til debatt, og forklart offentleg korleis kunststipend, støtteordningar og ulike kunstnarøkonomiar faktisk fungerar.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Slik kunne ein ha skåna enkeltkunstnarar frå å måtte stå åleine i ubehagelege konfrontasjonar. Haldningane og meiningane Sløseriombudsmannen og mange andre uttalar, er sansynlegvis resultat av måten media framstillar kunststipend. Ein kan ikkje forevnte at folk skal forstå ting som ikkje blir forklart, og særleg ikkje når det einaste dei veit om saka, er det media skriv.

Media likar best å skrive om teaterfeltet sine kroppsvæsker, med overskrifter av typen «Kunstner får millionstipend for å sprute maling ut av rompa».

Kva er eigentleg konsekvensen

I går satte eg meg ned for å skrive eit brev til Sløseriombudsmannen med takk for hans arbeid med å synleggjere kor dårleg kommunisert billedkunstfeltet er i det offentlege rom. Undervegs i skrivinga, gjekk det opp for meg at det kanskje ikkje var eg som skulle skrive takkebrev. For kva er eigentleg konsekvensen av Sløseriombudsmannen sitt prosjekt?

Les også: I Norge tilbyr vi mindreårige jenter tusen kroner for å kle av seg. Lik og del!

Prosjektet fører til at folk med anna politisk ståstad enn fleirtalet innanfor kunstfeltet, tek avstand til kunsten. For somme kunstnarar er det kanskje ønskeleg at alle med «feil meiningar» hatar kunst. Slik kan Sløseriombudsmannen bidra til at kunstverda blir ei enno meir konsensusbasert «trygg boble» eller «safe space», som i større og større grad blir lausrevet frå samfunnet, og som svevar høgare og høgare inn i si homgene, elitistiske, og moraliserande sfære, høgt over folk flest.

Ytringsangst

Innan kunstfeltet blir ein hetsa av kollegaar i sosiale media, og stempla rasist om ein til dømes er for ytringsfridom, og meiningsmangfald. Eller om ein tullar med, eller stiller spørsmål ved ting som skal vere heva over kritikk.

Å møte nokon som ser verda frå eit anna perspektiv enn det ein sjølv gjer, blir i kunstverda definert som «utrygt». Den største trusselen mot kunstnarisk ytringsfridom, er intern. Redsla for å ytre noko feil, og redsla for å miste utstillingsplassar, stipend og liknande, gjer at svært mange ikkje vågar uttale seg. Alle har sett kor enkelt ein kan bli utestengd frå ei utstilling, ved å til dømes trykke «like» på ein video på Facebook som harselerar med Pride.

Kunststipend, og rasisme og sånn

Eg meiner at kunsten er ein vesentleg del av samfunnet. Kunsten er viktig for vårt felles rom for både kritisk refleksjon, meiningsmangfald, og for visuell poesi. For å ivareta eit stort spekter av tankesett og infallsvinklar, kan ein ikkje ekskludere skillnadar.

Stipendordningar bidreg til at kunstfeltet kan innehalde fleire erfaringsperspektiv, ved at kunst ikkje berre blir ei aktivitet for dei som er født inn i familiar med god økonomi. Stipendordningane er òg med på å sikre at kunsten kan vere eit ytringsrom og ikkje reduserast til pynt, eller salgsvarer. Stipendordningane bidreg òg til at det lettare går an å jobbe med tidkrevjande kunst, utan å måtte selge sex for å ha råd til mat.

Les også: Det er lett å anklage folk for å mobbe. Det er mye vanskeligere å ha en nyansert debatt om trygd og sykelønn

For å ivareta mangfaldet som er utgangspunkt for gode diskusjonar, har me òg behov for å anerkjenne at det er skillnadane som er vår største ressurs, og legge til rette for at det er rom for ulike ytringar. Inkludert ting som strid mot det ein sjølv står for. Det er i møtepunkta mellom dualitetar at ein kan utvide horisonten.

Om ein er rasist ved å vere for meiningsmangfald og ytringsfridom, så er eg stolt av å vere rasist. Og om dette er rasisme, meiner eg at samfunnet må kjempe for å få meir rasistiske haldningar.

(Det var her språket fullstendig lausreiv seg frå all meining. Det var her språket kollapsa, og verkelegheita som ligg utanfor ord, kom veltande inn over meg. Som ei bølge eg ikkje ville svelge. Jævla oppgulp.)

Les mer fra Norsk debatt

Utanfor den snevre horisont

Eg vil ha eit kunst- og kulturfelt som kan fungere som eit ope rom kor meiningsmangfald kan utfordre kvarandre. Kor kritikk ikkje blir definert som hat. Kor skillnadar ikkje blir definert som utrygt.

Eit rom kor alt kan stillast spørsmål ved. Kor ein kan strekke grenser, gå over streken, vere heilt bak mål, ute på viddene, og trakke opp nye vegar for å oppdage noko som låg utanfor den snevre horisont.

Kommentarer til denne saken