Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Transperson Karoline Skarstein er sint fordi Bergens Tidende ikkje vil publisere eit tilsvar ho har skrive mot meg. Eg har nemleg slått fast at menn ikkje kan føde.
I sinne over at ho ikkje får på trykk endå eit innlegg, skriv ho dette i Blikk:
«Jenny Klinge forsøker å gjøre en hard definisjon av kjønn som noe rent biologisk, og så blir kjønnsidentitet og juridisk kjønn noe underordnet. Vi vet ingenting om Jenny Klinge sin biologi, for alt vi vet ble hun født med penis.»
Penis ikkje relevant for debatten
Om eg har penis er heilt irrelevant for debatten sjølvsagt, men det ho skriv er likevel interessant å merke seg.
For er det greitt at kjønnet til alle oss som ikkje er usikre på dette skal bli dratt i tvil fordi ei svært lita gruppe bestemmer seg for at alt no skal vera i flyt?
Er det greitt om dei vinn fram med påstandar om at ingenting handlar om fakta, berre om sjølvoppfatning og flytande identitet?
Dette er kamp om verdiar og kva slags samfunn vi skal ha.
Eg har heile tida tenkt på transpersonar som nokon ein skal respektere og ta på alvor. Det gjer eg framleis. Likevel skal ikkje alle meiningane til alle transpersonar takast på alvor.
Ein må vera like kritisk til meiningar som kjem frå Skarstein eller andre transpersonar som ulike meiningar som kjem frå alle andre.
Les også: Hver tredje dag tar en ung person livet sitt – det må vi snakke om
Karar kan framleis ikkje bera fram ungar
Min argumentasjon går altså ikkje mot transpersonar som gruppe. Den går mot krav som somme av desse og deira støttespelarar kjem med. Som at det store fleirtalet som er trygge på eige kjønn skal godta uriktige påstandar om mannlege mødre for ikkje å støyte nokre få. Men slik kan vi faktisk ikkje ha det i eit ope og tolerant samfunn.
Karar kan framleis ikkje bera fram ungar. Det er nok like bra, for omgrepet trong fødsel ville i så fall fått eit heilt nytt innhald.
Likevel hevdar mellom anna Karoline Skarstein til Bergens Tidende at menn no kan føde. Men det er altså ikkje mogleg - sjølv om det frå 2016 her til lands er mogleg å skifte juridisk kjønn utan å fjerne forplantningsorgana som høyrer til det kjønnet ein ikkje vil vera lenger.
Påverkar ikkje biologiske fakta
Dette kokar ned til kva som er det grunnleggande kjønnet, det biologiske. Å endre kjønn på eit skjema kan kanskje vera tilfredstillande for den enkelte, men påverkar ikkje biologiske fakta.
Vi kan då heller ikkje lære opp ungane våre til å tru at menn no kan føde barn. For kva vil det føre til av forvirring og etter kvart manglande tillit til foreldre og skulevesen? Bedraget vil jo bli avslørt omsider.
Før menn kan føde barn må det skje ein biologisk revolusjon. Ja, personar som biologisk sett vart fødde som kvinner og som har skifta juridisk kjønn kan føde barn. Men då er det kvinnekroppen og dei kvinnelege forplantningsorgana deira som føder ungen.
Det er irrelevant for forplantninga om det står kvinne eller mann på eit skjema.
Dessverre krev det mykje å stå i ein debatt om dette. Gjennom å vise til heilt opplagte fakta blir ein lett skulda for å vera intolerant, transfob og for å kaste transpersonar under bussen.
Alt dette har eg heilt urettmessig vorte skulda for. Det er derfor eg slår fast at ein må ha ballar for å stå opp for sunn fornuft. Biologisk kjønn er heldigvis irrelevant for om ein har dette eller ei.
Les også: De kaller meg fremmedfrykter, rasist, hjerteløs og egoist