Gå til sidens hovedinnhold

Nei til å formalisere sex

Å innføre ei samtykkelov vil nemleg neppe hindre valdtekter eller medføre fleire domfellingar. For det er ikkje lovverket som er problemet.

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Motstand mot å formalisere sex er ikkje forakt for valdtektsoffer, slik Frida Marie Grande gir uttrykk for i eit innlegg der ho angrip både meg og Peter Frølich frå Høgre. Bakgrunnen er at vi er mot å innføre ei samtykkelov.

Ho påstår at vi trakkar på alle som blir valdtekne.

Det er eit drøyt angrep på politikarar som tverrpolitisk set kampen mot seksuelle overgrep svært høgt.

Les Frida Marie Grande sitt innlegg her: Jeg lot en date sove over hos meg. Han var i utgangspunktet en hyggelig fyr

Det er ikkje lovverket som er problemet

Eg forstår godt at ei samtykkelov for å hindre valdtekter verkar tiltalande. Ønsket om ei slik lov botnar likevel i ei lite praktisk tilnærming til kva frivillig sex er.

Å innføre ei samtykkelov vil nemleg neppe hindre valdtekter eller medføre fleire domfellingar. For det er ikkje lovverket som er problemet.

Problemet i denne debatten er at feilinformasjon blir gjort til eit våpen mot fakta og sunn fornuft. Eit døme er SVs Petter Eide, som uttalte til TV2 Nyhetskanalen 9. juni at «I dagens lovgiving blir det rekna som valdtekt om det blir brukt vald eller makt eller truslar. Eller med andre ord viss ho som er offer klorar og sparkar og gjer fysisk motstand.»

Det er ikkje nok å berre seie nei, påstod Eide.

Han tek feil. Det er ikkje nødvendig at offeret har sett seg fysisk til motverge for å kunne domfelle ein gjerningsperson i dag.

Offeret må heller ikkje ha gitt direkte uttrykk for at han eller ho er mot seksuell omgang. Det er også mogleg å domfelle viss eit offer var ute av stand til å motsette seg handlinga.

SV og Amnesty, der Grande jobbar, «gløymer» å orientere om at grovt uaktsam valdtekt har vore straffbart i Norge i mange år. Dei påstår at dagens lovverk er verre enn det er. Kvifor i all verda gjer dei det?

Problemet ligg i bevisføringa

Ei samtykkelov skal altså bøte på eit problem med lovverket som ikkje eksisterer. Viss målet er å få fleire dømte for valdtekt, er det andre tiltak som skal til.

Problemet ligg i bevisføringa. Denne er svært vanskeleg i slike saker. Ord står ofte mot ord. Det er viktig å unngå justismord, sjølv om vi av omsyn til ofra må gjera alt vi kan for at fleire skuldige skal bli dømte. Så lenge som rettstryggleiken skal vera høg, vil ein del valdtektsforbrytarar gå fri.

Men uskuldige folk, dei som er melde til politiet på feil grunnlag, vil også sleppe straff.

Trykk her for å abonnere på Norsk debatt sitt nyhetsbrev

Grande skriv at ho sjølv har vore offer for eit overgrep. Det er lett å ha sympati med ho og alle andre som opplever dette. Men ho har ikkje nødvendigvis dei beste løysingsforslaga til korleis vi nedkjempar valdtekt fordi om ho har opplevd konsekvensane av ei ugjerning. Kunnskap om gjeldande lovverk er ein føresetnad.

Ufrivillig sex er per definisjon valdtekt og kan straffast i dag òg.

Ei samtykkelov er ikkje fundert i praktisk verkelegheit

Grande reagerer på at eg ler av tanken på å fikle med ein samtykke-app før sex. Ho meiner tydelegvis at dette er å ha forakt for valdtektsoffer. Det er heller er ein menneskeleg reaksjon på ein absurd tanke.

Å innføre eit krav om inngåtte avtaler før sex for at det skal vera lovleg, er å snu alt på hovudet og gjera sex basert på eit normalt samspel til noko straffbart. Dette inneber ei tingleggjering og formalisering av ei heilt naturleg handling.

Skal vi kriminalisere sex utan slik kontraktfesting, må det sjølvsagt vera likheit for lova. Kvinner og menn som har sex på «gammelmåten» må straffast like hardt av domstolane dersom dei gløymer å inngå ein avtale før akta.

Det verkar latterleg når eg skriv det slik, men det viser litt av kvifor ideen om ei samtykkelov ikkje er fundert i praktisk verkelegheit.

Overgriparar kan vel like gjerne tvinge offeret til å skrive under på ein avtale om sex, for så å ha «bevis» på at samtykket var i boks. Eller berre påstå at munnleg samtykke vart gitt.

Nokon meiner kanskje det er lett å bevise om eit samtykke er gitt under tvang. Då bør det i så fall vera like lett å bevise at ei seksuell handling vart gjort under tvang, uavhengig av ei samtykkelov.

Det er ingen tvil om at for få valdtektssaker blir etterforska raskt og godt. Vi ønskjer at fleire offer skal anmelde. Politiet har dessverre store kapasitetsproblem.

Innan seksuallovbrot har saksbehandlingstida gått opp og oppklaringsprosenten ned. I fjor viste ei undersøking at halvparten av valdtektssakene i dei store politidistrikta blir liggande i ein månad før nokon ser på dei.

Les mer fra Norsk debatt her

Korleis skal dette problemet med manglande kapasitet løysast med å innføre eit nytt krav til fullt av folk som ikkje er overgriparar? Her må det heller ressursar til, av omsorg for valdtektsofra og til det beste for samfunnet. Og det må også større innsats til for å førebygge valdtekter.

Det er ikkje forakt for valdtektsoffer å ha ei praktisk og fornuftig tilnærming til dårlege forslag - som dette forslaget om ei samtykkelov faktisk er.

Reklame

Oppdateres daglig: 10 kupp du gjør i dag

Kommentarer til denne saken