Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
No har ho vore ute mot reklamen frå Coop der eit steikt kjøttstykke ligg og kviler.
Ho meiner at reklamen høyrer heime i ein annan tidsalder og kaller stuntet «hjernedødt».
Men dette handlar om at to tredelar av det dyrkbare arealet vårt ikkje er eigna for anna enn husdyrhald. Dette gjaldt ikkje berre i ein tidlegare tidsalder. Det gjeld både no og i framtida.
Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt
Vi menneske kan ikkje eta gras eller beite i utmark. Norsk sjølvberging er derfor svært avhengig av nettopp kjøtt- og mjølkeprodukt frå kua, geita og sauen, som omdannar graset til mat til oss menneske.
Kan ikkje lausrive klima og berekraft frå våre nasjonale ressursar
Eg deler Stordalens engasjement for klimaet og for sunn mat. Likevel har vi to heilt ulike måtar å tolke norsk natur og norsk kosthald på som tyder på ulik jording.
Vi kan rett og slett ikkje lausrive temaet klima og berekraft frå det som er våre nasjonale ressursar og frå temaet beredskap og sjølvberging.
Nordmenn fortener ein politikk som sikrar at framtidige generasjonar har nok mat. Vi må ha nok mat også når det er urolege tider og vanskeleg å importere frå andre delar av verda.
Det er ikkje eit problem at vi kan forsyne nordmenn med norsk kjøtt frå eit landbruk med dyrevelferd i verdensklasse. Problemet oppstår viss vi i Gunhild Stordalens ånd lar norsk gras- og beitemark gro att slik at nordmenn ikkje lenger får tak i norsk kjøtt og dermed ikkje nok protein.
Det er berre tre fattige prosent av det totale norske arealet som er dyrkbar mark. På desse mange små flekkane rundt om i eit kaldt, bratt og vått land er det svært begrensa moglegheit til å produsere proteinhaldige plantevekster.
Stordalen bør merke seg at nesten 4/5 av alle plantekaloriar som nordmenn får i seg er importerte. Av dei kaloriane vi får frå kjøtt, fisk, egg og mjølkeprodukt, er 9/10 norske. Vi er for det meste sjølvforsynte med husdyrprodukt.
Vi kan ikkje ha ein jordbruks- eller kosthaldspolitikk som er lausrive frå korleis landet vårt er bygd.
Det er flott om vi kan produsere meir grønt og her til lands, og vi skal stimulere til det. Men vi har mykje dårlegare vilkår for slikt enn land som ligg på andre breiddegradar.
Les også: Ærlig talt: Gunhild Stordalen (42)
Husdyra er ei forutsetning
Det blir importert noko kraftfôr, og målet er å få norskandelen opp. Det blir stadig forska på korleis ein kan få denne høgare. I dag er det om lag 61 prosent norske innsatsvarer i kraftfôret til alle landbaserte husdyr. For ku, geit og sau som held kulturlandskapet ope er det ein svært høg norskandel i fôret totalt sett.
For naturen og klimaet si skuld er det også viktig å skilje mellom det norske landbruket og industrielt landbruk internasjonalt.
Les også: Når mat blir medisin
Vi kan ikkje legge ned vår eigen matproduksjon fordi husdyrhald blir gjort på gal måte i USA eller Tyskland. Vidare forsking og satsing på klimavennlege løysingar er sjølvsagt viktig likevel her til lands.
Vi må heller ikkje gløyme fastlandsindustrien oppi det heile. Matindustrien utgjer den største delen av denne. Skal matindustrien kunne utvikle seg, må vi ha eit levande landbruk rundt om i heile landet vårt.
Husdyra er nok ein gong ei forutsetning – ikkje eit problem.