Gå til sidens hovedinnhold

NRK: Har Jon Helgheim i det hele tatt lest saka han kritiserer?

Vi hadde ynskt at kritikken mot NRK kunne vere bygd meir på fakta enn det Helgheim gjer i kronikken sin, skriver reportasjeleiar i NRK, Terje Gilleshammer.

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

I Nettavisen i førre veke kritiserte stortingsrepresentant Jon Helgheim i Frp oss i NRK for saka vår om at innvandring, og særleg arbeidsinnvandring, har berga folketalet i landets minst sentrale kommunar.

Vi hadde ynskt at kritikken mot NRK kunne vere bygd meir på fakta enn det Helgheim gjer i kronikken sin.

For det fyrste skuldar Helgheim NRK for ikkje å vise at mange innvandrarar har flytta i tidsrommet 2017-2021, og at talet innvandrarar går ned.

Les også: Sønnen vår ble kalt apekatt på bussen av en voksen dame

Til dette lurer vi nesten på om Helgheim har lest saka han kritiserer?

Overskrifta er nettopp «Innvandring har berga folketalet i distrikta. Men no er det bråstopp».

Saka baserer seg på statistikk dei siste 30 åra, og viser korleis særleg arbeidsinnvandring, etter EØS-utvidinga mot Aust-Europa i 2004, har berga folketalet i dei minst sentrale kommunane. Og bråstoppen vi skriv om er nettopp tala Helgheim viser til dei siste få åra.

I NRK Dagsrevyen same kvelden utdjupa vi problemstillinga med at mange innvandrarar flyttar mykje på seg. Det statlege Distriktssenteret var hovudkjelde i saka. Dei utfordra norske kommunar til å gjere meir for å få innvandrarane til å busette seg i kommunane. Vi var også direkte inne frå Namsskogan, der ordføraren fortalte korleis dei jobbar med nettopp dette.

Selektive tall

Så ser vi at Helgheim viser til tal for å underbygge poenga sine, men dette talmaterialet framstår som selektivt.

Til dømes blander Helgheim saman innanlandsk og total flytting. Han konkluderer med at «heile 387 av 389» som flytta ut av Vang kommune frå 2015 til 2019 var innvandrarar. Og at berre to av dei som flytta ut var nordmenn.

Dette er heilt feil:

Vang har eit flyktningmottak og har difor ekstra stor gjennomstrøyming av innvandrarar som berre blir talde med når dei flytter vidare frå Vang.

Asylsøkjarar som kjem rett frå utlandet til mottaket på Vang blir ikkje talde som innflyttarar i statistikken Helgheim viser til. Dei blir derimot talde med som utflyttarar når dei blir busette i andre kommunar. Difor blir det feil å bruke dette som døme på stor netto utflytting av innvandrarar frå kommunen.

Når det gjeld sosialhjelpsutgifter på innvandringa i kommunane, så er dette absolutt eit interessant tema. Men denne saka handla om folketalsutviklinga i dei minste kommunane.

Denne saka tok verken føre seg inntektene eller utgiftene ved innvandring eller folketalsnedgang. Skal ein sjå på dette kan ein heller ikkje her vere selektive, men ein må sjå både på inntekter og utgifter.

Bommer med statistikken

Viss ein ser på dei døma som Helgheim viser til for sosialhjelpsutgifter, så ser vi at det er kommunar som Vang, Hattfjelldal og Salangen som er vertskap for mottak av flyktningar og asylsøkjarar. Dette er altså små kommunar med store institusjonar som sannsynlegvis påverkar statistikken som Helgheim kjem med.

Så også her meiner vi det er grunnlag for å stille spørsmål ved om Helgheim kjem med eit selektivt utval for å underbygge påstanden sin.

Les flere innlegg fra Norsk debatt her

Sjølv om Helgheim etter vår meining bommar med statistikken, så har han likevel nokre poeng. Men poenga til Helgheim har altså vore sentrale poeng også i dekninga vår. Innvandring har berga folketalet i dei minst sentrale kommunane, men no skjer det ei endring og mange innvandrarar flyttar vidare.

Kva konsekvensar det vil få, om kommunane bør gjere noko med det, og kva dei i så fall bør gjere med det, det er spørsmål vi gjerne ynskjer å høyre ein god diskusjon om.

Det vil vere ein debatt som er viktig for framtida til dei 200 minst sentrale kommunane her i landet.

Kommentarer til denne saken