Som små barn er vi født med ei evne til å møte motstand etter motstand. Vi kjempar oss gjennom alle milepålane, repeterer ei handling om att og om att, heilt til vi har nådd mål. Oppturar og nedturar er ein del av kvardagen vår. Strev må til for å kjenne på tilfredsheit.

Det å vere motstandsdyktige er noko som er innebygd i oss. Men, er det mogleg å tenkje seg at vi, den dag i dag, er med på å oppdra ein generasjon som jobbar i mot sin natur?

Klikk her for å abonnere på Norsk debatt sitt nyhetsbrev

Et spill for galleriet

Vi bur i eit samfunn der vi konstruerar meir og meir rom for «det positive». Eit jag etter den endelege lykka, eller det å alltid vere på vakt etter den ultimate gleda, som ein vakker dag vil banke på våre dører.

Eg skrollar nedover Instagram. Uansett kva innlegg eg støytter borti, inneheld det ei oppskrift på å finne den absolutte gleda. Men kva vil det eigentleg seie? Har vi blitt eit samfunn som har blitt mindre tolerante til å takle «negative følelsar»?

«Om eg berre kan få drøymejobben min…eller om eg berre kan få kjøpt det store huset for 10 millionar…». Men, kva når dette ikkje går som planlagt?

Alvorlige konsekvenser

«The desire for more positive experience is itself a negative experience. And, paradoxically, the acceptance of one’s negative experience is itself a positive experience», skriver Mark Manson.

Det er ikkje sjeldan at eg, som lege i psykiatrien, møter på fleire unge individ - innlagt med håp om å få eit lettare liv. Fleire av desse har kanskje møtt motstand i livet, som har vore vanskeleg å ta hand om. Motstand som i svært mange tilfelle «unødig» ender opp med noko så alvorleg so ein psykiatrisk innlegging.

Les også: Jovisst gjør det vondt når illusjoner brister

Misforstå meg riktig; vi har kome oss ein lang veg når det er snakk om å redusere stigmaet rundt psykisk helse, og det å tørre å oppsøkje hjelp for dette. Og ja, og vi har framleis ein lang veg å gå. Men samtidig undrar eg meg over om vi har forma ein generasjon som altfor «lett» stoppar opp.

Har evnen til å jobbe seg gjennom motstand blitt redusert? Ja, for det evige kappløpet etter lykken blir nesten motoren i alt som styrer tankane og handlingane våre. Eit paradoks.

Plaster på uskyldige skrubbsår

Vi treng ikkje å gå altfor langt tilbake i tid for å ense ei generasjonsforandring som har teke stad. Det å kjenne på strev, jobbe for å oppnå meistring eller få eit skrubbsår her og der var ikkje uvanleg då eg vaks opp. Men det er mykje som har skjedd sidan då.

Les flere meninger fra Norsk debatt her

Er vi som vaksne - som eit samfunn - for raske med å setje plaster på det uskyldege skrubbsåret? Tillèt vi våre barn til å kjenne og gje uttrykk til heile spekteret av følelsar?

Når alt dette er sagt, vil eg spesifisere at dette er eit tema med delte meiningar. Mykje ein kan vektlegge og utdjupe her, men eg tenkjer det er viktig å starte ein diskusjon og kaste lys på dette tema.

Framtida og utviklinga av oss menneske er noko vi sjølv formar og legg til rette for. Tankar rundt det, er naudsynt.