Det tok ikkje lang tid frå staten la fram sitt tilbod til bøndene i årets jordbruksoppgjer før enkelte var ute og fordømte pengebruken.

– En interessegruppe har ranet statskassen, var kommentaren frå Nettavisens redaktør Gunnar Stavrum.

Men jordbruket er ikkje den einaste næringa som får støtte frå staten, sjølv om det av og til kan verke sånn. Det er berre måten tildelinga skjer på, gjennom ein lang forhandling med offentleg omtale kvar vår, som er annleis. Det er ikkje sånn at alle andre næringar berre finansierer seg sjølv, utan subsidiar.

Me bruker mange titals milliardar i kvart einaste statsbudsjett på ulike former for næringsstøtte. Olje- og gassnæringa, gründerar, industrien og IKT-næringa får på den måten store pengar, skattelette og lån. I tillegg kjem dei formene for støtte som er utanom budsjett, som fiskekvoter og oppdrettsløyve, som i praksis overfører store verdiar frå fellesskapet til private.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Løysinga er ikkje mindre debatt om landbruket

I mange tilfelle er dette veldig bra. Det er ei lang rekke gode grunnar til å bruke pengar på å stø opp om ulike former for næringsliv. Det gir sysselsetting, teknologiutvikling, nye bedrifter og utsleppskutt. Likevel er debatten om jordbruksoppgjeret ein påminnar om at me er flinke til å rydde overskriftene når landbruket får pengar, men er mindre oppmerksamme på pengar som går til gründerar, industribedrifter og olje- og gassnæring. Me kunne gjerne også lagt andre former for næringsstøtte under lupe innimellom og sett på kva rolle dei speler i det store biletet.

Løysinga er altså ikkje mindre debatt om landbruket, men meir debatt om også om dei andre formene for næringsstøtte, både om kor stor pengesekken bør vere og korleis innretninga på pengane kan treffe best mogleg.

Og i år er det gode grunnar til at akkurat landbruket bør få meir. Bønder over heile landet står no i ei krisesituasjon, med enorm kostnadsvekst på ei rekke innsatsfaktorar. Ein betydeleg del av statens tilbod til landbruket går til å dekke desse.

Landbruket er som eit skjelett som hjelper oss å halde busettinga oppe over heile landet. Fordi landbruket er arealbasert, må gardsbruk ligge spreitt i landet. Det held jorda i bruk, og gjer at me får brukt arealressursane våre til matproduksjon. Ein sterk landbrukspolitikk er ei avgjerande årsak til at me bur spreitt her i landet, og dermed også for at me tar i bruk dei andre naturressursane våre i næringsverksemd – gjennom fiskeri, skogbruk, kraftkrevande industri og anna. Det gir lys i husa og aukar elevgrunnlaget på skulane rundt om i distrikta.

Les også: Statsstøttet journalist og kornbonde raser mot sutregjengen i finanspressen

I neste omgang er dette også ei næring som gir positive ringverknader for andre typar yrkesgrupper i distrikta, gjennom bruk av handverkartenester, innkjøp av varer frå den lokale butikken og skattekroner inn i kommunekassa.

Nedleggingstakta i landbruket dei siste åra har allereie vore høg. Kvart sjette gardsbruk er lagt ned sidan 2010. I følge bonde- og småbrukarlaget blir det lagt ned to gardsbruk om dagen her i landet. Samtidig har den brutale krigen i Ukraina og global matmangel vore ein alvorleg påminnar om kor viktig sjølvforsyning er for tryggleiken vår. Berre tre prosent av jorda her i landet er matjord, og det gjer ho ekstremt verdifull å ta vare på i eit sjølvsforsyningsperspektiv.

Og sjølv om overskriftene i media av og til kan gi inntrykk av pengefest i landbruket, er det pessimisme hjå mange bønder. En rapport frå Ruralis om trender i landbruket sitert i Nationen 10. mai viser at om lag halvparten av landets bønder har opplevd at det økonomiske resultatet frå garden har gått i negativ retning dei siste fem åra. For to år sidan var det ein av tre som svarte det same. 42 prosent av bøndene trur økonomien vil bli verre dei neste fem åra.

Men om me skal ta Stavrum på ordet og sjå dette som pengar til ei interessegruppe, er det i alle fall snakk om ei ganske så stor ei. For pengar til landbruket er pengar til alle oss som liker at me er eit land med busetting i distrikta. Det er pengar til alle oss som likar å å sjå grøne grassletter og beitande kyr på køyreturar oppover i Valdres eller i bratte Vestlandsdalar. Utan landbruket hadde det vore gjengrodd.

Kjem dei aller fleste av oss til gode

Eit godt jordbruksoppgjer er også bra for oss som er litt bekymra for om me vil ha trygg mattilgang her i landet i ei usikker framtid.

Les mer fra Norsk debatt her

Det er pengar til alle oss som er bekymra for alle artane og naturmangfaldet som forsvinn. Og til alle som jobbar i, eller er glad i nokon som jobbar i næringsmiddelindustrien. Dette er Norges største fastlandsindustri, som er tett knytta til jordbruket, og består av 2100 bedrifter fordelt over heile landet. Dei skapte verdier for om lag 45 milliardar i 2018, i følge Nibio. Svekkar ein jordbruket, som eit svakt oppgjer ville ha gjort, svekkar ein dermed også arbeidsplassane i den norske næringsmiddelindustrien.

I staden for å sjå på årets jordbruksoppgjer som eit ran, burde me altså sjå det som ein pengebruk som kjem dei aller fleste av oss i dette nasjonale fellesskapet til gode.