Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
(Firda)
Vi har stor sympati med dei som bur i Oslo. Vinteren har vore lang, smittetrykket har vore langt større enn i resten av landet, og konsekvensane har vore enorme. Ikkje berre for liv og helse, men dagleglivet i storbyen er lamma av tiltak for å hindre nye smittebølger. I Sogn og Fjordane klarer vi knapt å ta inn over oss korleis pandemien pregar alle deler av livet i storbyen.
Og no var det i ferd med å rakne: Det er rett og slett umogleg for alle dei som har dette tett på kroppen å sjå på at vaksinen blir smurt utover landet i eit tynt lag.
Kvifor kan ikkje dei som bestemmer sende meir av vaksinen til hovudstaden, og gjerne til dei bydelane som har mest smitte - som Stovner og Grorud?
Her kan du lese flere innlegg fra Norsk debatt.
Difor er det heilt rett når regjeringa i ettermiddag har gitt etter for presset og har bestemt å sende endå fleire vaksinar til Oslo.
I Sogn og Fjordane i dag vakna vi opp til ferske tal frå Helse Førde: Av 158 testar var det null som gir poisitvt utslag på covid-19. I Oslo var det 214 nye tilfelle og smittetrenden er aukande. Pandemi i Sogn og Fjordane og i Oslo er rett og slett to forskjellige ting. Korona er noko vi i distrikta stort sett har kontroll på, og i dei tilfelle det blir konstatert smitte er den lett og spore for så å sette i verk tiltak. I kvardagen er vi meir opptatt av dyr straum, eigedomsskatt og dårleg barnehagedekning mens dei på Austlandet altså kjempar for liv og helse.
Difor er det bra at regjeringa no skjønnar at by og land kan gå hand i hand. I dette tilfellet betyr det å trappe opp vaksineringa der den trengst mest. Dette har det truleg vore aksept for i distrikta ganske lenge, difor er det i siste liten at Erna Solberg og co. no tek grep.
Les også: Vaksine-strategien: Endelig gjør Høie det innlysende
I Firda i dag har fleire teke til orde for ei slik omprioritering. Spesielt imponerande er det å sjå at Laila Oppedal i Sunnfjord Eldreråd tek til orde for å prioritere storbyen. Sjølv representerer ho ei risikogruppe der presset frå medlemmene truleg er stort for å sikre vaksiner, men Oppedal seier altså til Firda at smittetrykket er større i Oslo enn her, og at ho difor forstår godt at dei ønskjer seg fleire vaksinar. Også Helge Robert Midtbø (AP) og Åsmund Berthelsen (SV) seier det same.
– Greitt at Oslo får meir vaksinar enn oss
Og dette er slett inga hjelpande hand til Oslo. Sjølvhjelp eit meir dekkande uttrykk for det som no skjer. Det sentrale Austlandsområdet har vore i kneståande etter å ha vore lamma i fleire månader. Ingen, heller ikkje vi som bur i den fredelege delen av koronaverda, er tente med at pandemien blir forlenga i dei mest folkerike delene av landet vårt. Ein raskast mogleg veg ut av pandemien i Oslo vil truleg også vere viktig for at heile landet kjem på beina att på ein god måte.
Bør Oslo få meir vaksinar enn oss? Dette meiner folk på gata