Gå til sidens hovedinnhold

Pappakroppen kom i mitt første heile år som pappa. Herregud for ein klisjé

Foreldrelivet fører med seg nye utfordringar.

Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.

(Sogn Avis)

Eg la på meg fem kilo i 2020. Pappakroppen kom i mitt første heile år som pappa. Herregud for ein klisjé.

Men slik gjekk det. Kombinasjonen av foreldrelivet og koronatilstand med mykje heimekontor og mindre trening gjorde sitt. Kiloa – i form av reint feitt – kom sakte men sikkert.

Å vega seg i tide og utide har lite for seg, men eg merka gradvis at nokre klesplagg blei mindre komfortable å ha på seg. Nokre plagg blei til og med kjøpt éin storleik opp for første gong på ti år. Den nådelause dommen kom tidleg i januar då eg henta badevekta fram frå boden, kledde meg naken og stega oppå. Fem kilo!

Les også: Nei, det er ikke lettbrus som gjør deg tjukk

Årsaka til vektauken kan nok mange foreldre kjenna seg att i. Mangel på tid + mangel på overskot = kilo på kroppen. Programmet på ein vanleg kvardag er spikra frå omtrent 06.30 til 19.30. Morgonstell, levering i barnehage, jobb, henting i barnehage, middag, eit par timar med leiking, legging.

Det går an å trena etter klokka 19.30, men då er eg ganske sliten, og med eit lite vindauge på tre timar att av dagen, blir det meir freistande å leggja seg strak på sofaen, sjå nokre tv-seriar som ikkje krev altfor mykje hjernekapasitet, og putta eit eller anna velsmakande i kjeften. Då kjem kiloa.

Kontrasten til mitt tidlegare liv er enorm. Då sprang eg intervallar på tredemølla fem gonger i veka. 40 sekund på, 20 sekund pause, 30 stykk. Superform. Eg kunne trena når eg ville, ofte rett etter jobb. I juni 2019 kom eg att i 22-tida frå bortetur til Levanger og reiste rett på trening – med 900 kilometer bilkøyring i kroppen.

Då var eg rett nok dundrande høg på dopamin grunna nyforelsking (tenk kunne forelsking-dopamin blitt utvikla syntetisk, då kunne EPO og steroidar berre gått og lagt seg), men likevel.

No får eg kanskje til éi økt i veka, og difor ser kroppen min slik ut: Slanke, ganske veltrente leggar. Ein lubben midje, og ein overkropp kjemisk fri for musklar. Og fem kilo meir.

Spørsmålet er: Kva skjer no? Er kampen mot pappakroppen eit slag eg berre må akseptera at eg vil tapa? Fem kilo er ikkje krise, men fem kilo per år vil ikkje vera optimalt.

«Da e alderen». Dommen frå Vidar Vadseth var like nådelaus som talet på badevekta. Eg laga slankereportasje om Vadseth i januar, og då nemnde eg naturleg nok min eigne uheldige utvikling det siste året. Det var ikkje mykje håp for meg, ifølgje Vadseth, som altså kunne konstatera at alderen jobbar mot meg i tillegg.

Men Vadseth har sjølv vist at det går an å kvitta seg med vekt i vaksen alder. Det gir håp, sjølv om det kan vera demotiverande å sjå at alle andre rundt meg trenar som berre f ..., medan eg sjølv ikkje orkar.

Vadseth og Alf Roger Lereng har samla sett snart slanka vekk ein heil Endre Romøren. Begge ser rett smekre ut. Sjefen min byrjar ofte ei historie med: «eg var ute og sprang med hunden». Ein anna kollega – som er irriterande kjekk til å vera rundt 50 år – har teke armhevingar kvar dag sidan nyttår.

Les også: Har pandemien gjort oss høye på oss selv?

Så er det endå ein kollega, som dessutan er éin av mine beste vener. Han påstår at han har lagt så mykje på seg med åra. Vel, han ser ut som ein modell uansett, og no har han byrja å trena òg! Uff.

Kva skal eg gjera? I midten av januar tok eg steget langt ut av komfortsona og prøvde meg på ein time med personleg trenar. Ove Hauge. Han er akkurat slik eg vil at ein slik trenar skal vera. Fagleg sterk, empatisk, krevjande, oppmuntrande. Å sitja på do var ei utfordring dei første tre dagane etter prøvetimen, likevel var eg ikkje i tvil: Hauge kunne få meg i form att.

Veka etter kom unge nummer to, Mia, til verda. Dermed måtte desse planane leggjast på is att.

I eit forsøk på å ikkje esa heilt ut av proporsjonar prøver eg meg på måtehald. Eg gidd ikkje slike ekstremgreier som å fullstendig kutta snop og søtsaker og alt anna som er digg. Me lever éin gong, og det vil vera litt trist å liggja slank og fin på dødsleiet om 50-ish år og tenkja på alt eg ikkje koste meg med. Det går an å gjera begge deler.

Men eg prøver å ha litt disiplin. Helst ikkje snop på vekedagar. Eg treng ikkje vera sprengmett etter kvar middag, og eg treng ikkje 100 knekkebrød til kveldsmat.

Likevel; det er vanskeleg. Eg er velsigna med ei mamma og ei svigermamma som er svært dyktige på kjøkenet. Besteforeldrebesøk til Årdal og Etne blir akkompagnert av dei herlegaste rettar. Då går eg fort på sprengmett-smellen. På desse besøka dukkar det oftast opp både dessertar og kake til kaffien òg.

Les mer fra Norsk debatt her

Dessutan skjer det alltid noko! Eg kan ta dei to siste vekene som døme: 17. mai – god mat og kaker. Jobbtur til Trondheim – god mat hjå kamerat på kvelden og fastfood før Sogndal-kampen. Dåp til Mia – god mat og eit fjell med kaker. 40-årsdag til svoger – nytt fjell med kaker. Sosial samling med jobben – god mat. Besøk til Etne – endå meir god mat.

Verda jobbar mot meg.

Kanskje eg berre skal akseptera situasjonen som den er. Eg ville aldri bytt det eg har i dag mot mitt tidlegare – og slankare – liv. Eg trur dessutan at eg har løysinga: Dei beste idéane mine til artiklar og kommentarar, som denne, blir fødd medan eg spring på tredemølla. Eg må flytta fokus frå dei vonde intervallane, hjernen er aktivert når blodpumpa er på høggir, og då kjem dei gode idéane.

Dermed burde trening bli ein del av arbeidstida. Noko å tenkja på, Arve.

Kommentarer til denne saken