(Firda)

På den nasjonale pandemi-arenaen er det kluss for tida: Søndag morgon vakna landet opp til ei Twitter-melding frå Preben Aavitsland (FHI), som skriv: «Det var den pandemien».

Meldinga er illustrert med ei grafisk framstilling som viser at talet på pasientar innlagde på norske sjukehus med covid-19 som hovudårsak, er i ferd med å bli svært lågt. Aavitsland er overlege ved FHI og spesialist på smittevern. Kanskje er han den største eksperten i landet på den pandemien vi no ser ut til å vere på veg ut av.

Les også: – Barneidretten avlyses, men fyllefestene fortsetter

Men ekspert fekk vere ekspert denne søndagen. Helseminister Bent Høie (H) var raskt på bana for å få Aavitsland til å innsjå kva han eigentleg meinte.

Etter at helseministeren hadde teke kontakt med Folkehelseinstituttet (FHI), vart Twitter-meldinga frå smitteverneksperten utsett for ein skikkeleg rundvask i toppleiinga i FHI, og etter kvart vart det sendt ut ei pressemelding der det norske folk fekk beskjed om ikkje å innkassere pandemi-sigeren for tidleg.

Etter ei stund kom også Espen Rorstrup Nakstad (FHI) på bana i NRK der han kommenterte nedgangen i talet på sjukehusinnleggingar:

«Dette er først og fremst en hyggelig bekreftelse på at regjeringens gjenåpningsplan fungerer og at folk fortsatt er flinke til å begrense smittespredning samt at effekten av vaksinasjonsprogrammet er god.»

Ei hyggeleg stadfesting på at regjeringa er flinke, der altså. Den tenker eg Bent Høie likte godt.

Også FHI-direktør Camilla Stoltenberg er på ballen, og ber det norske folk vente litt med å sleppe jubelen laus. Det står mykje arbeid att og folk må vere flinke å vaske hendene og halde avstand, er hennar bodskap. Alt dette etter at helseministeren har gitt beskjed til FHI om å roe ned sin eigen ekspert på området.

Det er slett ikkje vanskeleg å skjønne at regjeringa har stort behov for å nå ut med bodskapen om at vi ikkje må sleppe jubelen laus for tidleg. Det er framleis mykje som kan gå gale.

Folkehelseinstituttet (FHI) er direkte underlagt Helsedepartementet og har som oppgåve å gi helsefaglege råd. Dei må sjølvsagt rette seg etter styringssignal frå departementet, men det er svært uheldig om FHI blir oppfatta som om dei opererer etter direkte instruks frå helsestatsråden. Det er ikkje bra at helseministeren indirekte sensurerer landets fremste smittevernekspert på denne måten.

Vi skal vere forsiktige med å dra dette for langt, andre vil kanskje seie at Bent Høie viste handlekraft i denne saka. Men Twitter-meldinga frå Aavitsland søndag morgon var ikkje til å ta feil av. Intervjua han gav dei første timane etter at meldinga vart publisert, var også svært tydlege: Aavitsland meiner at pandemien i Norge så å seie er forbi. Vi kjem til å få lokale smitteutbrot, men vi er i ferd med å gå over i ein annan fase der dette ikkje lenger vil føre til store smittebølger. Mykje av det same avdelingsdirektør Line Vold då ho vart intervjua av NRK 1. juni: «I løpet av sommeren regner vi med at epidemien mer eller mindre forsvinner fra landet.»

Les flere meninger fra Norsk debatt her

No er Line Vold og Preben Aavitsland sin optimisme tona ned, og erstatta med formaningar frå toppleiinga i FHI om at vi må halde fram dugnaden. Helseminister Bent Høie har fått det som han ville.

Er det slik vi vil ha det i verdas beste demokrati? Og kva med neste gong FHI uttalar seg om pandemien? Er det då FHI som snakkar, eller har innhaldet vore igjennom same politiske rundvasken som Twitter-meldinga til Aavitsland?

Slik kan vi sjølvsagt ikkje ha det. Helseministeren bør tenke seg godt om neste gong han vurderer å stoppe sine eigne fagfolk frå å seie det dei eigentleg meiner. Vi som bur i dette landet må vere trygge på at det FHI seier i tida framover ikkje er førehandsgodkjent av statsråden, men har ei 100 prosent fagleg grunngjeving. Alle treng faktisk ikkje meine akkurat det same om alt.