Det er mi oppfatning at vi ikkje kan ta det så tungt at den eine tidlegare velrennomerte og som-vi-trudde-var-pålitelege stortingsrepresentanten og statssekretæren og ministeren etter den andre vert avslørt som skatteunndragarar i større eller mindre grad, dokumentfalsknarar og generelt sett nokre luringar når det gjeld å tene litt ekstra på si.

Vi må slutte å oppfatte dette som moralske manglar, personlegdomsbrester eller dette grekarane i oldtida kalla «hamartema», for det gjeld jo dei vi har utnemnt til våre heltar, og når den eine etter den andre av heltane, især dei i yngre årsklasser, fell og vert skamkjende, så må noko kollektivt gjerast.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Ikkje fordømme kulturelle mønster

Dette har vi jo no lært gjennom mange år er kulturelt betinga. Under koronaen fekk vi vite at der er visse etniske grupper som er skeptiske til staten og helsevesenet, og reknar med dei vert innrapporterte dersom dei går og får seg vaksiner; der er ungdom som ikkje forstår vitsen med å arbeide på eiga hand, men får angst; der er jo også den vanlege mistenksame haldninga mellom fogderi, gamle fylke, bygdelag og mellom Austland og Vestland.

Gong på gong har vi fått høyre at vi må forstå kulturelle mønster og ikkje fordømme desse. Neivel. Lat oss då saumfare kulturelle mønster på Tinget.

Les også: Barmhjertige samaritaner og finansmenn som har pusha 50

Stammesamfunnet i den globale landsbyen

Det vi likevel ikkje har tenkt ordentleg over, er det som Marshall McLuhan (1911-1980) spådde skulle vere utkommet av den nye medietilstanden for den politiske verda, nemleg tribaliseringa, stammesamfunnet i den globale landsbyen.

I den morosamaste av bøkene, etter mi meining då, «The Medium is the Massage» (nei det er ikkje feilskrift for «message»), utgjeven så tidleg som i 1967, meinte McLuhan at vi globalt sett ville utvikle nye stammesamfunn, sidan vi ville kople oss saman i lett familieaktige grupper med sams symbol, krigsrop og stilartar, der det ikkje lenger ville vere innhaldet i det som vert sagt eller gjort som er det vesentlege, men det å markere kva for ei gruppe og stamme ein tilhøyrer.

Det vil då seie at når hovdingen for stammen lét trommisen sin slå laus på tromma, så slepp alle stammemedlemer, same kvar dei er i verda, alt dei har i hendene og tek opp våpen og går laus på den stammen som desse trommesignala utnemner skal, om ikkje nedkjempast, så påførast skade.

Så kjem den delen som McLuhan ikkje var så nøyaktig på å skildre, men som ligg i forlenginga av tribalismen, nemleg det nye kulturelle trekket som eigentleg er urgammalt, det går ut på at dei som er lojale mot hovdingen og trommene, dei forventar seg belønning eller kompensasjon.

Dét veit alle som har lese Fredrik Barth og andre sosialantropologar (og sosialantropologi er eitt av mine fag i fagkrinsen til cand. mag. i si tid, eg hadde aldeles utmerka lærarar). Til overmål skreiv jo Barth om slikt for å forklåre åtferd mellom pathanane i Swat-dalen i Afghanistan, noko norske politikarar suverent har tillate seg å oversjå. Dermed skjønar dei ikkje i kva grad dei sjølve nærmar seg talibansk logikk.

Neidå, dei vert heldigvis ikkje valdelege, skjønt der har vore visse brutalistiske utfall mellom tilhengjarar av dei ulike politiske stammene. Men dei forventar altså kompensasjon, og dei lærer seg alle same kulturen - har eg gjort ein viktig innsats for flokken, så skal eg ha noko igjen for det. Eller som engelskmennene seier: «I'll get my own back».

Les også: Det er forskjell på folk

Ein nasjonal politisk kultur utanpå stammekulturen

Politisk arbeid er såleis ikkje utan vidare lenger dugnadsarbeid, og media gjer det ikkje enklare ved å forenkle framstillinga av politiske motsetnader. Altså utviklar det seg ein nasjonal politisk kultur utanpå den opphavlege stammekulturen: Stortinget blir ein stamme. Ein stad der ein gjennomfører afghanistansk-liknande rituelle øvingar i særskilde lokale, og byter symbolske løyvingar og symbolske saker, om lag slik Barth skildra handteringa av fysiske symbol under forhandlingane mellom pathanske stammer som var uvenlege eller reint ut fiendslege mot kvarandre, men hadde bruk for alliansar for å vinne fram med sine planar.

I desse transaksjonane oppstår der såleis ein samforstand mellom erklærte motstandarar, og dei aksepterer visse former for felles åtferd. Vi ser såleis etter kvart at åtferda med å trikse med relative småpengar, såleis skatt for bustad osb., må ha vore etablert alt tidleg 2000-tal, seinast.

Det er vel ingen som innbiller seg at den eine unge - eller Stortingsferske - politikaren etter den andre, kvinne eller mann, men stort sett i det yngre sjikt i alle høve, har funne på desse triksa heilt åleine, or eige hovud eller bryst. Dette er noko dei stilt og forsiktig er blitt tipsa om. Sånn kan ein orge seg litt ekstra på si og få litt igjen for strevet.

At den eine stortingsadministrasjonen etter den andre, samt stortingspresidentar - der den eine sjølv var med på leiken - ikkje har fylgt med, påstår seg å ikkje ha forstått, etter å dels ha orsaka praksisane som har sett seg, turde vere god nok indikasjon på at desse praksisane har vore ålkjende, tilgjengelege, aksepterte og aldri påtala ordentleg cirka dei siste 20 år.

Stortinget kan truleg liknast med eit bygdesamfunn

Mitt framlegg vil såleis vere: Set eit kobbel med sosialantropologar på å granske Stortingets kultur, gjerne også føresetnader av typen smikk lik broileropplæring i partia. Sjå bort frå Stortingets tradisjonelle uvilje mot å bli granska av andre enn seg sjølve, og ikkje bry Kontroll- og Konstitusjonskomiteen eller Stortingets Presidentskap med å by opp til påfugldans. Berre få inn ein gjeng med sosialantropologar som er trente i gransking av tribalisme og lokalsamfunnsdynamikk.

Les mer fra Norsk debatt her

Og gjer det så raskt som mogleg. Stortinget kan truleg liknast med eit bygdesamfunn. Eg arbeidde som fast helge- og nattevakt i ein psykiatrisk institusjon siste helvta av studietida mi i Bergen.

Det viktigaste eg lærte av dette, og eg lærte litt av kvart tør eg seie, var at i innestengde små bygder skapte det seg store og uoverkommelege problem for dei som hadde vanskar med å tilpasse seg. Det gav sjølvsagt introverte depresjonar og skamkjensle og vanskar med å konsentrere seg om oppgåvene og framtida og den personlege utviklinga. Stortinget bør altså hente inn hjelp.