Kan komme i tankar om at vi treng hjelp frå høgare makter for at dette skal gå bra. Bra for folket, fjellet og naturen.

For etter to runder i retten for å få stoppa utbygginga i påvente av hovudrettsaka 24-26. mars ser det ut for at kapital har eit sterkare rettsvern enn både natur og folk.

Dette er saken: Retten stopper ikke utbyggingen av vindkraft på Haramsøya

Olje- og energi-departementet (OED) eller VIP-departementet i oljelandet Norge. Bør ein ikkje komme på kant med dei grå eminenser der?

Der var nok fleire grunnar til vedtaket, men når Stortinget ville ha granska vindkraftkonsesjonar klarte dei kun å bli enige om at OED skulle granske seg sjølv. Biden kunne forsåvidt også bedt Trump sjekke valgresultatet i USA.

I dommen frå lagmannsretten står det blant annet: «Lagmannsretten viser videre til uttalelse fra OED 9. oktober 2020

Javel? Så at OED frikjenner seg sjølv påverkar saka om Haram Kraft i favør av, vel - til sist OED?

Kor mykje har vi igjen i samfunnet som er ekte og ærleg? Kor mykje er eit resultat av strategisk tenking og godt regisserte opptredener? Og klarer vi å skilje dette?

Erna Solberg møtte «Nei til vindkraftverk» på Haramsøya like før dommen i tingretten i saka om midlertidig stans i arbeidet.

NRK 3. nov. 2020: «Statsministeren var nemleg veldig tydeleg på éin ting under møtet på tysdag, og det er at konsesjonen som er gitt for utbygging på Haramsfjellet er gyldig.»

Les mer fra Norsk debatt her

Men definisjonen på ein rettsstat er ikkje at staten alltid har rett. Ikkje eingong når det er statsministeren som uttaler seg.

Dei høgare makter av jordisk karakter vi kunne trenge hjelp av, har vi ikkje funne verken i regjering eller i storting. Men vi treng faktisk ikkje eit mirakel.

Vi treng ein rett som dømmer etter norsk lov - ikkje etter NVE eller OED sin etablerte praksis.