Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) reagerer sterkt på responsen frå André Nilsen i Normal Norge i eitt innlegg i Dagbladet, og frå oss i vårt innlegg i Nettavisen, etter hans sleivspark mot Abid Raja (V) sitt framlegg om å legalisere cannabis.

Dette er saken:

Kjølmoen har rett i at harde ordelag øydelegg for debatten, men bruker altså eit heilt innlegg på å gå etter sentrale personar i brukarorganisasjonane.

Ikkje ein einaste ball å sjå

Han påstår at det er andre som går etter mannen og ikkje ballen. Men i Kjølmoens innlegg er det ikkje ein einaste ball å sjå.

Ikkje eit einaste argument som gir eit substansielt svar om ruspolitikk. Det er eit sleipt retorisk grep for å sleppe å måtte bruke relle argument. Det er særleg graverande når ein har stått for beviseleg feilaktige påstandar om historikken kring rusreform.

Vi har sett nok av stigmatiserande uttaler og stempling av meiningsmotstandarar i ei rekke lesarinnlegg i Dagbladet, Dagsavisen, Klassekampen og det som er av lokalaviser i landet.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev frå Norsk debatt

I lesarinnlegga sine framstiller Kjølmoen regjeringa Solbergs rusreform som eit av dei mest ytterleggåande framlegg verda har sett, der «bruk av alle typer narkotika, også heroin og kokain, ble foreslått avkriminalisert, selv for barn».

Det er kanskje ein sånn stråmannsargumentasjon som må til for å sabotere ein politisk modell som er basert på omfattande og grundig dokumentasjon.

Hasjtåkeskuldinger

Same modellen som i tillegg blir støtta av alle store brukarorganisasjonar på rusfeltet, Fagrådet – rusfeltets hovudorganisasjon, Riksadvokaten, Helsedirektoratet, FNs høgkommisær for menneskerettar og Verdas Helseorganisasjon.

I Klassekampen skuldar Kjølmoen delar av redaksjonen for å vere i ei hasjtåke. Dette er ein ufin måte å stemple meiningsmotstandarar og stigmatisere brukarar av cannabis som mindre intelligente.

Les også: Les også: Tynn hasj-argumentasjon frå Abid Raja

Det går faktisk så langt at han skriv at «Klassekampens journalister skal få drikke så mye de vil, men fri tilgang på cannabis vil ikke hjelpe på verken journalistikken i Klassekampen, eller for det norske samfunn forøvrig.»

Nok er nok

Kjølmoen er leiar i Møre og Romsdal Ap, og sitt i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre. Vi, og alle landets rusavhengige, burde kunne forvente meir av ein mann med slike tillitsverv.

No er nok nok frå den kanten.

Dette var ikkje det ein trengde frå sentralt hald i Arbeidarpartiet etter den enorme skuffelsen i fjor og politiskandalen som fulgte av debatten. Sjølv om vi har motteke fleire meldingar frå sentrale tillitsvalde i Arbeidarpartiet som meiner Kjølmoens uttaler er håplause, så etterlyser vi leiarskap på rusfeltet. Både frå statsminister Jonas Gahr Støre og helseminister Ingvild Kjerkol.

12 år etter Stoltenbergutvalets rapport har desse til no etterlatt eit politikkområde i ruin.

Les meir frå Norsk debatt