Gå til sidens hovedinnhold

Viss folk kan ta med seg arbeidsplassen sin frå Oslo til Førde, så kan dei vel også gjere det frå Førde til Oslo?

Er det flyttbare statlege arbeidsplassar som skal berge distrikta? spør Kai Aage Pedersen.

Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.

(Firda)

Aldri har det vore lettare å flytte «hem», «heim» eller «hjæm», var gladmeldinga frå statsminister Erna Solberg og statsrådane Linda Hofstad Helleland og Nikolai Astrup då dei presenterte distriktspolitiske strategiar i valkampen. Viss partnaren din plutseleg får ein spennande jobb ein annan stad ute i landet så skal det vere mogleg å ta med den statlege arbeidsplassen din på flyttelasset.

Men er det slike ordningar som skal berge distrikta?

Pandemien har rett nok lært oss å jobbe digitalt. Den har lært oss å logge oss på videomøte, den har lært oss korleis få lyd i høgtalaren og bilde på skjermen, og vi har også lært oss korleis vi kan dele innhald med dei andre deltakarane desse videomøta. Å møtast digitalt er rett og slett effektivt og vil ofte vere svaret på korleis vi skal løyse mange av arbeidsoppgåvene våre i tida som kjem.

Men har vi ikkje gløymt ein ting her? Viss folk kan ta med seg arbeidspassen sin frå Oslo til Førde så kan dei vel også gjere det frå Førde til Oslo? Og sidan mange vil bu i Oslo er vel akkurat dette ein ganske så stor risiko, viss målet er at fleire skal bu i distrikta?

Tenk deg følgande eksempel: Ein jurist ved lotteritilsynet er gift med ein lege i Helse Førde. Legen får seg ein attraktiv jobb i Oslo og med ordninga presentert av Høgre-folka i valkampen vil dette vere to tapte skattebetalarar for Sunnfjord kommune.

Dette kan sjølvsagt også gå andre vegen, men det er vanskeleg å sjå at dette kan vere eit tiltak som vil styrke distrikta. Ordninga vil truleg gi endå meir fleksibilitet til å flytte på seg, og tyngdekrafta, eller sentraliseringskreftene om ein vil, vil dra folk til byane når statlege arbeidsplassar kan flyttast dit dei tilsette ønsker.

Eit ferskt tilfelle finn vi i Florø, der NHO i desse dagar søker etter rådgjevar. Regionkontoret for heile Vestlandet ligg i kystbyen, men i utlysingsteksten skriv NHO at annan arbeidsstad enn Florø kan vurderast (kan sjå ut som dei er skeptiske til at det er mogleg å finne kompetente folk der).

Les også: Elevene må vente åtte år for å slippe unna mugg og pledd i klasserommene

I det nye digitale arbeidslivet høyrest dette vel og bra ut. Dette er rett nok ikkje ein statleg arbeidsplass, men det er same dynamikken som spelar inn. I Florø har dei kjempa ein hard kamp for at NHO sitt regionkontor skal ha adresse i kystbyen, men nye digitale arbeidsmåtar gjer det mogleg å utføre mange av arbeidsoppgåvene frå Bergen eller andre stader i Vestland.

Ein av dei som reagerer negativt i eit oppslag i Firdaposten er Høgre-mannen Bjørn Hollevik som meiner dette er ei demontering av NHO sitt kontor i Florø. Det er vanskeleg å vere ueinig i han i nettopp dette. I det nye arbeidslivet, som hans eiga regjering har lansert, der ein kan jobbe kvar ein vil, har dei utvikla eit effektivt verktøy for å demontere denne typen arbeidsplassar. Eit regionkontor som er lagt til Florø blir ikkje lenger eit fysisk kontor, men eit sett arbeidsplassar kopla i hop med Teams-møte nokre gonger i veka.

Les mer fra Norsk debatt her

Og akkurat dette kan skje med statlege og andre offentlege arbeidsplassar i distrikta. Statens vegvesen sitt regionkontor på Hermansverk kan etter kvart bli bemanna med ingeniørar som jobbar frå heimekontor i Bergen. Norec (tidlegare Fredskorpset) kan få store utfordringar med å få folk til å flytte til Førde viss det ligg ei føring frå øvste hold om at alle kan jobbe der dei vil.

Statlege arbeidsplassar i distrikta kan rett og slett bli til statlege arbeidsplassar i dei store byane. Mykje tyder difor på at det er på tide å sette foten ned, tenke seg grundig om, og gjere ei skikkeleg utgreiing av det som i utgangspunktet såg ut til å vere ein strålande idé.

Kanskje var ikkje dette så smart likevel?

Kommentarer til denne saken