Denne sommaren opplevde eg yttringsangst.

Angsten var ei konsekvens av at mange har fortalt meg at eg ikkje får kunststipend grunna manglande evne til å halde meiningane mine for meg sjølv.

Eg puttar bokstavar plassar dei ikkje skal vere. Offentleg. Synleg.

Som åleinemamma til to små figurar er stipend økonomisk viktig. Ved sida av kunsten skriv eg for å tjene litt ekstra. Hadde ikkje folk kjøpt kunst, ville det ikkje fungert.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Eg set ubeskriveleg stor pris på at folk kjøper kunst, men kunst er likevel ikkje ei vare. Teikning er hovudspråket mitt. Det betyr at eg aldri teiknar med tanke på salg.

Difor er mi hovudargumentasjon for kunststipend at det bidreg til kunstnerisk ytringsfridom fordi ein kan jobbe med tema og teknikkar ein sjølv brenn for. Svoltne kunstnarar vil kanskje lage kunst ein håpar folk vil kjøpe.

Så kjem spørsmåla ...

Skal ein gå på kompromiss med seg sjølv i forsøk på å tilpasse seg kunstverda sitt psykologiske krav om politisk underkasting? Skal ein selge sjela og prøve å finne ut kva folk flest ønsker å ha på veggen?

Er det eigentleg sant at ein kan bli ekskludert frå stipend om ein har feil meiningar?

Kunstnerisk kvalitet

Tidlegare i år las eg tildelingslistene for stipend og fortalte meg sjølv at dei har prioritert kunstnere med lite utstillingsaktivitet så dei kan kjøpe seg tid til å produsere meir kunst. Eg har veldig mykje utstillingar. Difor fekk eg ikkje stipend.

Men på nettsidene til Kulturrådet står det: «Ved tildeling (av stipend) skal det leggjast vekt på kunstnarisk kvalitet og aktivitet».

Det betyr at eg tok feil. Då må det vere kunsten min som ikkje har høg nok kvalitet.

Men kva er «kunstnerisk kvalitet»? Handlar det om teknikk, kunstnerisk innhald, eller om kunstnaren?

Blir kunsten min dårlegare viss eg stemmer Demokratene? Blir kunsten betre av at eg har asperger? Blir kunsten dårlegare av at eg trakk vervet mitt i NBK i protest?

Blir kunsten betre om eg har jødiske gener, eller viss eg byttar kjønn? Blir kunsten betre om eg samarbeidar med ein ven med synleg minoritetsbakgrunn?

Skal eg bytte fargeblyantane ut med gråblyantar? Kva er kriteriene og definisjonane som ligg til grunn for «kunstnerisk kvalitet»?

Uansett fortel eg meg sjølv at juryen meinte kunsten min ikkje var bra nok, og at dei difor såg bort frå min høge utstillingsaktivitet.

Kanskje dei ikkje likte sjølvportrettet med ståpikk. Det var kanskje stygge fargar, eller dårleg teikneteknikk. Prøver å dytte vekk alle påstandar om at det handlar om meiningane mine. Vil ikkje tru på det.

Likevel fekk eg ytringsangst.

Kunsten skal ikke besudles

Fastkøyrd i tåpelege tankar er det vanskeleg å spore av med vilje. Vidare lurte eg på om «kunstnerisk aktivitet» kanskje er synonymt med «networking». Men om det handlar om networking er eg totalt fucked:

Autisten med eit ikkje-kontrollerbart ytringsbehov og fullstendig mangel på tilpassningsevne får aldri stipend.

Eg er ikkje van med å vere ein del av eit «vi», eit fellesskap basert på konsensus eller likskap. Somme seier at aspergere ikkje forstår sosiale kodar og spelereglar. Det er kanskje ein av fordelane; Det gjer meg meir fri.

Les også: Det er folk som vil at du skal tie slik at de selv ikke får motstand mot egne tanker og ideer

Eg har allereie ytra meg så mykje at eg er fucked.

Det har inga hensikt å stoppe bokstavane mine som tyt ut i det offentlege. Når ein har gått over streken, kan ein halde fram med å gå heilt til ein er langt ute på viddene. Det var der ytringsangsten forlot kroppen.

Somme vil at samtidskunsten skal vere eit moralsk tau ein kan følge til eit venstrevridd konsensus. Samtidskunsten skal som kyrkjekunst i tidelgare tider, vise vegen vekk frå helvetes-elden. Helvete er på den politiske høgresida.

Men kunstverda vil ikkje opplyse massane. Kunsten skal ikkje besudlast med blikket til folk med «feil meiningar» eller «feil haldningar».

Mangfald er viktig. Men berre mangfald av hudfargar, gener, legningar og identitetar. Mangfald når det gjeld synspunkt og tankesett er uønska.

Det sakrale kunstrom er nemleg lågt under taket. Så lågt at ein må bøye hovudet for fleirtalet. Det blir sagt at meiningsmangfald og ytringsfridom er utrygt. Slik eg ser det er ytringsfridom ei av hovudårsakane til at det er trygt å leve i dette landet. Eg kjenner heller ingen døme på regimer kor fråvær av ytringsfridom har ført til mindre vold.

Kall meg paranoid

Ingen kan bevise at dei har rett, dei som sa at eg ikkje fekk stipend grunna mine ytringar. Då måtte ein kjenne kriteria for «kunstnerisk kvalitet».

Ord om at feil meiningar kan føre til at ein ikkje får stipend er likevel effektivt for å hindre kunstnarar i å meine noko offentleg.

Les mer fra Norsk debatt

Det fins ikkje stipend til alle, så ein kan kalle det paranoid å tru at ytringane har vore årsaka for min del. Likevel fekk eg ytringsangst. Stipendbortfall kan ein ikkje gripe fatt i, for ingen har rett til å vite kvifor ein ikkje fekk stipend.

Men alle veit at ein kan miste utstillingar på grunn av meiningar. Det har blant anna kunstnar Tonje Gjevon erfart.

Ytringsangsten min forsvann.

Å lage kunst med tanke på potensielle kjøparar, eller å lage politisk korrekt venstre-kunst ville vore å gå på kompromiss med meg sjølv.

Eg velger heller min eigen totalitære ideologi: Å gi totalt faen.

Folk kan gnåle så mykje dei vil om at eg ikkje får stipend fordi eg har feil meiningar. Beklager folkens. De blir ikkje kvitt meg.