*Nettavisen* Nyheter.

- Boksen var blesen rett ut av veggen

- Her sto koplingsboksen. Den var blesen rett ut av veggen, seier Joar Årnes. Foto: Ole Johannes Øvretveit (Firda)

Rein flaks gjorde at ikkje Hestad kapell kom i brann.

12.06.14 08:48

(Firda): Gravar Joar Årnes slo kyrkjegarden i føremiddag, og var nesten ferdig – og ville dermed ikkje komt tilbake – då han måtte på eit møte på Sande klokka tolv.

I mellomtida for eit kraftig torever over Hestad. Lynet slo ned fleire stader, deriblant i reiskapshuset ved kapellet, som ligg knappe femten meter frå kyrkjebygget.

- Eg reiste opp att for å slå siste resten, og då kjende eg at det var ei slik merkeleg brent lukt. Eg trudde først det var kantklypparen som hadde gått seg varm, men eg kjende på han, og den var kald, seier Årnes til Firda.

Han undersøkte saka nærare, og låste opp døra til reiskapshuset. Då fekk han seg ei overrasking.

– Det velta svart røyk mot meg. Eg såg det ulma i veggen, så eg tok ein spade som stod der og grov ut alt som glødde og heiv det ut, fortel Årnes.

– Lynet ser ut til å ha slått inn langs svakstraumnettet, inn i ei telefonkopling som går til brannvarslarsystemet, seier brannsjef i Gaular, Per Otto Selstad.

Der koplingsboksen sto, er det berre eit svart hol i veggen.

– Boksen var blesen rett ut av veggen, seier Årnes.

Les flere saker hos Firda


Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Annonsebilag