- Passa litt dårleg å vinne ny bil akkurat no ...

Torgeir Pettersen stakk av med denne bilen førre helg. No skal han selge den.

Torgeir Pettersen stakk av med denne bilen førre helg. No skal han selge den. Foto: Ole Johannes Øvretveit (Firda)

Hadde nettopp kjøpt ny bil. Sel toppgevinsten etter fiskekonkurransen.

19.06.14 08:31

Førre laurdag stakk Torgeir Pettersen frå Øvre Årdal av med toppgevinsten i Jølster aurefiskefestival, nemleg ein splitter ny bil, skriver Firda.

Men få dagar etter at han innkasserte premien til ein verdi av 621.000 kroner, vil han no selge køyretøyet.

Mykje grubling og tenking

- Etter mykje grubling og tenking, har vi bestemt oss for det. Det passa litt dårleg å vinne ny bil akkurat no, sidan vi nettopp har kjøpt oss ny, seier Pettersen.

Han fortel at det sit langt inne for han å selje, men at det av fleire årsaker blir rett for han å gjere dette.

Les også: Her får han bilen til 621.000 kroner

- Du uttalte då du vann at sambuaren skulle få bilen ...?

- Ja, og den står i hennar namn også, men vi har altså blitt einige om at det er mest rett for oss å selje den, uansett kor surt det er. Men vi sel den ikkje for kvar ein pris, seier Pettersen, som ønskjer minimum 585.000 kroner for Volvo xc70 Summum 2014-modellen.

Han fortel at han allereie har fått fleire napp på annonsen som ligg ute på finn.no.

Gira på fleire konkurransar

Etter at Pettersen stakk av med førstepremien, der han fekk åtte fiskar med ei samanlagt vekt på 2,2 kilo, har han blitt endå meir gira på fiskekonkurransar.

- Til no har eg berre vunne fiskeskrin, så det å stikke av med ein bil, var ein ganske stor opptur, seier han og ler.

Les flere saker i Firda


Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.