I ti-tida måndag kveld mista ein semitrailer ei dør på hengaren på riksveg 15 i Vågsøy, skriver Firda.

Se video nederst i saken

Det førte til at 3,5 tonn sild rasa ut av bilen og vart liggande i vegen ved Nygård.

- Det lukta heilt forferdeleg der, seier Bjarne Eldevik til Firda.

Mygg-plager

Han var på staden og tok bilder og video av oppryddingsarbeidet, men fortel at arbeidstilhøva slett ikkje var noko å skryte av.

- Ein ting var lukta, i tillegg tiltrekte silda seg store mengder mygg. Det frykteleg å gå der, med store svarte skyer av mygg, seier Eldevik.

Oppryddingsarbeidet pågjekk i fleire timar utover kvelden og natta.

Brannvesenet måtte spyle og skrubbe vegbana med kost for å bli kvitt all fisken.

- I tillegg måtte dei sprøyte på kjemikalier og skrubbe vegbana for å løyse opp feittet. Det var veldig glatt i vegbana på staden, seier Eldevik.

Ikkje personskade

Ingen personar kom til skade under uhellet. Og silda, den hamnar nok ein heilt annan stad enn det som var planen.

Se video av det omfattende opprydningsarbeidet

HTML EMBED


Les flere saker i Firda