RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Andreas (26) tjente 200.000 på tre uker

Andreas (med mørk overdel) og David Gåsvær, fiskarar
Andreas (med mørk overdel) og David Gåsvær, fiskarar Foto: Ole Johannes Øvretveit (Firda)

(firda.no): Dei tre fiskarane på fiskebåten «Barstein» frå Gåsvær delte ein lott på 600.000 kroner då dei kom heim etter tre veker på Lofotfiske.

– Det var heilt vanvitige mengder med fisk i sjøen, fortel Andreas Gåsvær, som var med på turen saman med Tom Færøy og Per Daniel Losnegård.

– Vi kunne setje garn klokka ni om kvelden, og så dra dei klokka halv eitt om natta, og så var det tolv tonn torsk i dei. På mindre enn tre veker hadde vi teke heile kvoten på 161 tonn, fortel Gåsvær, der han ligg ved kaia på Gåsvær og greier opp i fiskereiskapen saman med fetteren, Daniel Gåsvær, til Firda.

Bijobb

«Barstein» er eigd av Andreas, Hans Gåsvær, Erik Gåsvær og Tom Færøy. Dei to jobbar på båten no og då, alt etter som det passar med friperiodane på dei andre båtane dei jobbar på. Dette er nemleg berre ein bijobb for dei. David er styrmann på «Sulebas» frå Solund, og Andreas er styrmann på «Liafjord» frå Sotra.

No skal dei to fiske lange «ein time vest i havet her». Kanskje.

– Vi får sjå. Er det ikkje noko fres i det, så blir det nokre dagar ferie. Fram til eg skal på jobb ein gong uti mai. Eg går på friperiode om to veker. Eg er eigentleg på jobb på den andre båten no, men den ligg i land for tida, den er mellom to sesongar, det neste blir Nordsjøsilda i mai.

26-åringen gjekk først på fiske og fangst på vidaregåande i Måløy, så jobba han to år som lærling, og så to år på styrmannsskulen i Bergen. Han trivst godt med livet som fiskar:

– Det er jo kjekt å få reise rundt i heile landet, sjå nye plassar.

Når han er heime, held han seg på Gåsvær. For det meste.

PÅ KAIA: Daniel Gåsvær (t.v.) mobbar fetteren Andreas: - Dette blir jo reine kontaktannonsa!


Sit godt i det

– Blir eg lei her, så tek eg meg ein tur til Hardbakke. Eller til Bergen. Og når eg blir lei der, så dreg eg heim att. Eg har ei leiligheit i Bergen, i Sandviken. Men eg var der berre tre veker i fjor. Det er kanskje litt råflott.

200.000 kroner på ein bijobb, og så har du full jobb som styrmann i tillegg. Du må no tene godt, du?

– Jaudå. I skattelistene i fjor sto det vel 850.000.

Sei meg, er du gift?

– Nei. Eg er ledig. Skal du ha telefonnummeret mitt og?

– Nei, det er ikkje naudsynt, meiner Daniel:

– Det finn dei på opplysninga.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere