Anmeldelse: «Kinect Joy Ride»

No kan du køyre bil heilt utan ratt og pedalar.

06.12.10 08:35

«Kinect Joy Ride» er eit bilspel skreddarsydd for alle dei som ikkje heilt forstår seg på knappar og ratt. I staden for å måtta halde styr på alle dei små detaljane slik du må gjere i meir avanserte bilspel, treng du ikkje gjere anna enn å halde henda ut framfor deg i «Kinect Joy Ride».

Det heile fungerer mykje betre enn ein skulle tru, og i startfasen er det imponerande å sjå kor godt spelet les spelaren. Du latar som om du svingar, lener deg i svingane, og får umiddelbar respons på alt du gjer. Spelet blir derimot raskt vanskelegare så snart ein kastar seg ut i eit løp mot nokre motstandarar. Der det er lett å svinge kjerra når du er heilt aleine på vegen, blir det mykje vanskelegare om du berre skal svinge forbi den bilen som er framfor deg, og du hamnar difor lett i grøfta.

Ingen motstand

Å halde seg på vegen kan faktisk bli ei stor utfordring i spelet, men utviklarane har gjort nokre enkle grep for å syte føre at dette ikkje øydelegg spelet i stor grad. Både gass og brems går av seg sjølv, og sjølv om du hamnar utanfor vegen held farten seg stabil. For eit spel som Kinect Joy Ride er dette den reddande engelen som sørgjer for at det går an å ha mykje moro med spelet til trass for at kontrollen ikkje sit som støypt.

Les også: Spillene som gjør deg kreativ

Med andre ord er det ikkje noko problem å kome seg framover. Sjølv om du dultar borti andre bilar, køyrer ut i grøfta, og endar opp med å sjå feil veg kjem du lett inn på rett spor igjen, og spelet skalerer vanskegrada slik at du lett kan ta igjen motstandarane. Dette er spesielt viktig i dei to variantane av tradisjonelle billøp spelet byr på. I den eine køyrer du berre alt du er god for, og satsar på å finne dei snarvegane som måtte dukke opp, medan den andre let deg bruke forskjellige meir eller mindre harmlause våpen for å hamle opp med motstandarane.

Ved å halde den venstre handa ut til sida kan du bruke det våpenet du har plukka med deg frå vegen, og desse er alt frå små rakettar som får ein bil til å fly opp i lufta, til eit våpen som får is til å leggje seg over hjula til alle motstandarane. Det er veldig lettvindt, og sjølv om moroa ikkje er langvarig for vaksne, fungerer det glimrande for dei aller minste. Spelet har absolutt inga læringskurve, og kontrollane er så minimale og enkle at alle kan lære dei på få sekund.

Klikk på bildet for å forstørre.

Triksing og poengjakt

Dei to forskjellige formene for billøp er hovudattraksjonane i spelet, men «Kinect Joy Ride» har likevel meir å by på. Fire mindre modusar let deg gjere alt frå å utføre så mange triks du kan, til å køyre ned små statuer. Det er ikkje alt som er like moro, men triksinga er absolutt ikkje å forakte. I denne modusen må du berre kome deg høgt opp i lufta før du lener deg i ein eller anna retning. Det er alt som skal til for å få bilen til å ta piruettar og snurre rundt, og det fungerer veldig godt.

Les også: Disse spillene lærer deg verdenshistorien

Spelet kunne likevel hatt litt meir innhald. Det byr på ei handfull forskjellige baner, og dei er alle ganske små. Dette sørgjer for at det ikkje blir for mykje å halde styr på for dei minste, men det er heller ikkje så mykje å gjere i spelet når du først har vore gjennom alt. Spelets beste kvalitet for den yngre garde er at to stykk kan spele samtidig, noko som kan by på veldig mykje moro når ein står saman og lener seg i alle retningar og prøvar å halde kontroll på bilen.

Mest for dei minste

«Kinect Joy Ride» er eit triveleg spel for dei minste. For spelarar med erfaring innan forskjellige spel vil det nok raskt bli keisamt, sjølv om dei tinga spelet byr på i seg sjølv er artige. Den fine grafikken og den fengjande musikken gjer i tillegg sitt for å halde på motivasjonen, men eg saknar likevel litt meir å bruke tida på.

Spelet kan på mange måtar minne om Nintendos «Mario Kart»-serie, men når aldri dei same høgdene. Den største verdien spelet har er at du spelar det heilt utan kontrollar av noko slag, og dette gjer «Kinect Joy Ride» til noko heilt spesielt. Om du har sett ungane lene seg til sida når dei spelar andre spel, kan du vere sikker på at dei vil få fullt utbytte av slike fakter i «Kinect Joy Ride».

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.