Anmeldelse: «MySims SkyHeroes»

Solide kontrollar og søt grafikk kan ikkje puste luft under vengene til dette spelet.

15.11.10 10:39

Dei første minutta med «MySims SkyHeroes» lovar svært godt, om du spelar på PlayStation 3 eller Wii spelar inga rolle. Kontrollane sit som støpt, og spelaren har full kontroll over flyet som susar over fargerike område som praktisk talt er henta rett ut av ei svært dyr Playmobil-pakke.

Les også: 10 trygge actionspill for barn

Spelet ser ut til å vere skapt for å byggje opp entusiasme for flysimulatorar, der det gjennom eit svært barnevenleg ytre får dei villaste kampar i lufta til å sjå ut og opplevast som ein herleg leik. Dei vesla flya du kan hoppe inn i kan både gasse og rulle rundt, samtidig som dei til ei kvar tid har to forskjellige våpen for å skyte ned andre fly. I tillegg har alle områda forskjellige bonusar som kan plukkast opp. Desse er alt frå satelittangrep til eit kraftig skjold, og spelet lovar på alle måtar å by på ei gjennomført oppleving.

Malplassert utfordring

Det blir likevel med tanken. Sjølv om underhaldninga sit som støypt gjennom dei første oppdraga, går det raskt nedover. Det viser seg etter kort tid at utfordringa på ingen måtar passar den tiltenkte målgruppa. Dei fiendtlege flya har overmenneskelege ferdigheiter, og dei kan manøvrere flya sine ut av dei mest absurde situasjonar utan problem. Berre det å få eit fly midt i siktet kan bli ei hard utfordring sidan fiendane heile tida tek brå svingar til sida, og på magisk vis hamnar bak deg. Det blir veldig tydeleg at fiendane kan gjere manøvrer som kontrolloppsettet ikkje tillet spelaren å gjere, noko som er veldig urettferdig.

Foto: Ulf Johansson

Samtidig er dei forskjellige områda fulle av ting å krasje i, og stadar for fienden å gøyme seg. Du jagar etter ein fiende over lengre tid før han brått forsvinn bak ei søyle eller ein vegg, og du mistar han fullstendig av syne. For å gjere vondt verre har dei allierte pilotane du har med deg på eit oppdrag ein svært stygg tendens til å skyte ned målet ditt akkurat i siste sekund.

Dette er faktisk eit stort problem. Skal du kome deg vidare, eller i det minste vinne alle dei ekstra flydelane ein førsteplass bringer med seg, må du sanke mest mogleg poeng. Når ein alliert «hjelper» deg med å ta knekken på ein fiende, mistar du samtidig poenga, noko som sørgjer for at du praktisk talt konkurrerer med både fiendar og allierte.

Les også: Hvilken spillkonsoll skal du velge?

Alle desse tinga er overkommelege for ein vaksen person med god erfaring innanfor slike spel, men om målet er å introdusere den yngre garde for ein utfordrande og spanande sjanger, blir det for vanskeleg. Paradoksalt nok byr spelet på svært barnevenlege kontrollar og funksjonar pakka inn i ei veldig stiv og ubalansert utfordring.

Det same om igjen

Hadde MySims SkyHeroes hatt litt meir variasjon kunne situasjonen lett ha endra seg, men når spelet består av berre to forskjellige modusar blir det raskt einsformig. Enten tek du til kamp mot andre fly, eller så konkurrerer du om å kome først i mål. Begge modusar gjev deg raskt kjensla av at du heile tida repeterer det same oppdraget, noko som fjernar den underhaldningsverdien som kunne ha vore der. Du kan få litt variasjon frå dette ved å gå på nett for å spele saman med andre, men der òg blir ein til slutt lei, sidan ein raskt endar opp med å køyre i ring rundt kvarandre inntil ein blir lei og ikkje gidd meir.

Spelet har likevel andre positive sider enn kontrollane. Grafikken er veldig enkel, men den er likevel flott å sjå på. Fargane lyser i mot oss, og dei søte figurane i spelet får krigsscenariet til å framstå som noko veldig uskuldig, medan musikken varierer mellom dramatiske symfoniar til fengjande pop-musikk. Spelet kunne derimot hatt godt av norske undertekstar, sidan du blir litt småprat mellom oppdraga. Dialogen er derimot på Simlish – det oppdikta «The Sims»-språket – noko som utelukkar norsk tale.

Det er vanskeleg å forstå kven målgruppa for «MySims SkyHeroes» eigentleg er. Dei enkle kontrollane gjer det lett for dei yngste å få det til, men den harde utfordringa vil raskt skape skår i gleda. For dei litt eldre er utfordringa akseptabel, men den dårlege variasjonen vil nok få dei til å gå lei.

Dette er eit spel som lovar godt, men skuffar raskt. Ein blir umiddelbart engasjert av dei enkle kontrollane som gjev deg full kontroll over dei små flya, men utfordringa som følgjer blir for det meste frustrerande. Med fiendar som vik unna kvar einaste kule, og mange frekke manøvrer, er det lett å bli lei. Om dei forskjellige oppdraga var betre balanserte kunne dette raskt ha blitt eit veldig godt barnespel, men «MySims SkyHeroes» er diverre reservert for born med eit pilottalent langt over normalen.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.