*Nettavisen* Nyheter.

Ap-politiker i harnisk. Natur og Ungdom skal gi opplæring i sivil ulydighet

Både Iris Loftheim (t.v.) og Turid Vallestad ville gått for å støtte søknaden frå Natur og Ungdom. – Det er fornuftig at ungdommen får lære seg kva sivil ulydnad går ut på og kva konsekvensar det vil ha, seier Loftheim. Førde SV løyver sjølv 15.000 kr. (Foto: Sigurd Løseth)

«Vi øver på sivil ulydighet. Dette kjøres i tre ulike grupper utover dagen». - Absolutt fornuftig, sier Sp-politiker.

04.07.15 18:22

Klikk på bildet for å forstørre.

– Eg er heilt imot sivil ulydnad, seier Terje Gjertsen. Foto: Førde Arbeidarparti

(FIRDA.NO): Dette er ein av programpostane på Natur og Ungdom sin sommarleir i Vevring 31. juli–4. august.

– Dette visste eg ikkje, seier gruppeleiar for Førde Arbeidarparti, Terje Gjertsen til Firda.

På formannskapsmøtet 11. juni kom han med framlegg om at ein søknad frå Natur og Ungdom om 15.000 kroner i støtte til sommarleiren, skulle takast opp som ei vanleg sak. Rådmannen la den fram som referatsak etter å ha hadde avslått søknaden, grunngitt med at kommunen primært støttar lokale lag og arrangement.

I tillegg til Ap (Gjertsen og Ivar Svensøy) støtta SV (Turid Vallestad) og Sp (Iris Loftheim) forslaget om å behandle søknaden politisk, men fleirtalet røysta det ned.

Får Ap-politiker til å steile

At det skal øvast på sivil ulydnad, får Gjertsen til steile.

– Eg er heilt imot sivil ulydnad. Det kan eg ikkje støtte. Tanken min var å få saka greidd ut, om dette var noko Førde kunne stå for. Eg kjende ikkje til programmet på leiren. Ei utgreiing ville fått dette fram, og eg kan berre seie at svaret mitt ville blitt nei. Eg trur heller ikkje gruppa ville gitt støtte til sivil ulydnad, seier Gjertsen.

Heller ikkje Turid Vallestad (SV) var kjent med at det skulle øvast på sivil ulydnad, men ho snur ikkje.

– Kampen mot fjorddeponiet er ei kjempeviktig sak som eg støttar fullt ut, seier Vallestad som sjølv føreslo i formannskapet å støtte søknaden.

Klikk på bildet for å forstørre.

Natur og Ungdom var blant dem som demonstrerte foran Stortinget 26. mai. Anslagsvis 800 personer markerte sin motstand mot dumping av avfall i Førdefjorden. Målet var å få regjeringen til å snu i saken. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

SV gjev pengar

– Dette var mest ei markering frå vår side. Vi reknar ikkje med å få fleirtal. Difor har Førde SV bestemt seg for å stille opp med pengane sjølv. Vi gir 15.000 kroner til leiren, seier Vallestad.

Iris Loftheim (Sp) meiner bystyret og ikkje rådmannen burde avgjort søknaden.

– Bra læring

– Dei som inviterer til ungdomsleir og dei som deltek, har sannsynlegvis ikkje teke stilling til yttarste konsekvens av å drive med sivil ulydnad. Ungdommane har gjerne eit romantisk forhold til dette, og det kan vere bra å lære kva det går ut på og kva det kan bety for seinare, for strafferegister og den slags. Å trene på dette og få vite om sivil ulydnad er noko dei vil vere med på, er absolutt fornuftig, seier Iris Loftheim.

- Trist at ikkje kommunane gir støtte

– Det er trist at vi ikkje får støtte lokalt til sommarleiren i Vevring, seier 1. nestleiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær.

Dei har ikkje fått tilsegn verken frå Førde eller Naustdal kommune.

– Veldig mange har sagt nei til søknaden vår, og vi slit veldig med å få leiren til økonomisk, fortel ho. Men leir blir det. Nærmare bestemt rundt 250 deltakarar. Og det er langt over normalt deltakartal.

– Dette fortel om eit stort arrangement i deponisaka. Også mange frå Sogn og Fjordane er miljøengasjerte. At Førde og andre kommunar seier nei, er trist, seier Skjoldvær.

– Kan årsaka vere at det skal øvast på sivil ulydnad?

– Å øve er ikkje å bryte lova, men vi skal øve på å bryte lova, så det kan hende. Samtidig har det blitt tradisjon for ikkje-valdelege handlingar når ein opplever overgrep mot naturen.

I Naustdal skal det øvast på korleis ein gjennomfører sivil ulydnad.

– Vi øver på korleis vi skal lenge oss saman, korleis vi skal te oss og korleis det er å bli taua bort. Vi skal ikkje utøve vald. Dette er ein situasjon dei færraste har vore med på, og å ha gått igjennom det mentalt, er ei viktig øving, seier Skjoldvær.

Målet er naturlegvis den dagen det blir gruvedrift i Vevring.

– Vi har i skrivande skrivande stund 1700 personar som har sett seg på aksjonsliste for sivil ulydnad, fortel Ingrid Skjoldvær.

Les flere saker fra Firda her.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.