*Nettavisen* Nyheter.

Friske meninger

«Dere bergensere og deres drittby av smitte»

Bryggen i Bergen.

ØKENDE: Smittetallene i Bergen er økende. Silje Holm Carlsen forteller om sitt møte med en østlending i byen i dette innlegget. Foto: Gorm Kallestad (NTB scanpix)

Dagdraumen min brister då eg høyrer kva mannen seier idet han passerer meg, der eg står på busstoppet med munnbindet mitt.

Av Silje Holm Carlsen, skodespelar og student, Bergen

Dette er en kommentar som først ble publisert i Bergensavisen. Det er skribentens holdning som kommer til uttrykk.

Tysdag ettermiddag. Eg pakkar bagen min, vaskar hender i 30 sekund, tek på munnbind og går ut døra. Eg er nøydd til å ta buss dit eg skal. Sidan det nettopp har kome anbefaling om munnbind på kollektivtrafikk i Bergen, tek eg det på. Det er eit ansvar eg sjølvsagt tar.

På veg ned til bussen, kjem det ein mann mot meg. Han har sekk på. Ser på meg. Kanskje han er rundt 60 år. Regnjakke og litt tynn i håret. Eg smiler svakt. Tenkjer for meg sjølv at eg gjer ein bra ting. Eg har vore flink. Sat i sjølvpålagd karantene i 10 dagar, brukar handsprit, vaskar hendene, tek ikkje unødvendig på ting i butikken. Held god avstand til folk eg møter på gata. Medstudentane mine møter eg ikkje i det heile teke. Så ja, eg tenkte for meg sjølv at eg er flink.

Klikk på bildet for å forstørre. – Å vere redd eller å ha ein dårleg dag er ikkje ei orsaking for å oppføra seg så dårleg mot andre, skriv Silje Carlsen.

– Å vere redd eller å ha ein dårleg dag er ikkje ei orsaking for å oppføra seg så dårleg mot andre, skriv Silje Carlsen. Foto: Privat

Eg og mannen med regnjakke og tynt hår går forbi kvarandre. Dagdraumen min bristar litt i det eg høyrer «dere jævla bergensere.» Det lagar ein skurrelyd i hovudet mitt, du veit den lyden som kjem når ei CD-plate stoggar brått på film? Den lyden.

Les også: Dette er ukens mest leste Nettavisen-meninger

Eg snur meg, tek av munnbindet, for han er på trygg avstand. «Unnskyld?» seier eg. Han står berre der, over meg i vegen. Ser på utsikta. Ikkje på meg. «Kan du gjenta det du nettopp sa?» spør eg strengt.

Han ser framleis ikkje på meg. Nonchalant kjem det: «dere jævla bergensere og denne drittbyen deres med smitte». Han nesten spytter orda.

Kremt. «Ein, eg er ikkje bergensar, og to, du er faktisk nøydd å ta deg kraftig saman», seier eg hardt.

Stille. No ser han på meg, men han snur seg raskt og byrjar å gå mot hjørnet. Det kokar i hovudet mitt. «På ekte», seier eg etter han i det han forsvinn.

Les også: Bergens byrådsleder: – Situasjonen er alvorlig

Årsaka til at eg tek på meg munnbind, er for å beskytte dei rundt meg. Dei eldre, dei med underliggjande sjukdomar, og alle andre eg møter. Denne mannen er også av dei. Kanskje har denne mannen stressa i fleire dagar over den kraftige smitteauka i Bergen. Eg veit ikkje, men om det er tilfelle, er han langt i frå åleine om det.

Min største skrekk er å bli smitta sjølv, og vidare smitte nokon som reagerer svært dårleg på viruset. Men; å vere redd eller ha ein dårleg dag er ikkje ei god orsaking for å oppføre seg så dårleg mot andre.

Les også: De beste kjøpene på polet til under 200 kroner

Eg kan jo seie at denne mannen truleg ikkje brukar munnbind på kollektiv transport. Slår meg ikkje som typen. Det verkar eigentleg som at han gir blanke i alt som heiter smittefare. Han er nok for kul til å bruke handsprit når han går inn på Kiwi, før han tankelaust fiklar på alle epla før han vel pærer i staden.

Han var dessutan garantert i Spania i sommar, og droppa den lovpålagte karantenen etterpå, sjølv om han var litt sår i halsen. Utepils, sigg og campingliv er tross alt viktigare enn å vise omsyn til kjende med hjerte- og karsjukdom og diabetes, am I right?

Eller? Blei du støytt, no? Skal eg kanskje ikkje dra alle eldre, kjipe, uhøflege menn frå austlandet under same kam? Nei? Så ikkje gjer det same med studentane, då.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.