RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Dette har vært Idas (19) hjem i snart ett år

Sist oppdatert:
For snart ett år siden bestemte Ida fra Førde seg for å bli huleboer.

(Firda) 19-åringen går tredje året på jord- og hagebruksskulen i Aurland, og bur i ei hole plassert midt i ei ur i fjellsida ovanfor skulen.

Hola er eit avlangt krypinn med ei maksimal takhøgde på 1,2 meter, innreidd med ei villmarksseng dekt av sauefellar, ein defekt fluktstol, ei hengekøye og ein oljelampe.

Se video øverst i saken

– Eg har ikkje akkurat noko tempur-madrass, men det er grådig godt å ligge hardt. Og så har eg jo ein død sau eg kan ligge på, det er veldig fint og heitt, seier 19-åringen.

Utanom stein består senga til Ida òg av halm, eit par liggeunderlag og militærullteppe. Her søv ho i ein sovepose med komforttemperatur på 20 minus.

– Eg slepp i alle fall besøk av Jehovas vitne og dørseljarar her oppe, seier Ida og smiler.

Inspirert av kjærasten

Ho har budd i fjellhola sidan mai i fjor, og det var kjærleiken som førte henne dit.

– Det var ein på skulen min som budde akkurat her i fjor, men då trudde eg nesten ikkje på det. Han fyren vart kjærasten min etter kvart, og når han fekk til å bu her ute vart eg så inspirert at eg fekk lyst til å prøve sjølv. Eg kunne jo ikkje vere noko dårlegare, fortel Ida og smiler.

Ida Beate Løken fra Førde har funnet seg hybel i en fjellhule.


Det tok ikkje lang tid før ho sette pris på å vakne opp i ei hole.

– Det var eigentleg veldig herleg og spennande med ein gong. Å vakne opp her ute, med fuglekvitter, frisk luft og litt bris, gjer noko heilt anna med deg enn det å vakne opp i eit hus og nesten ikkje gidde å gå ut av senga.

For å komme opp til hola må du klatre igjennom ei ur. I starten syntest Ida dette var heftig seint på kvelden. No er det ikkje på same måten, dersom det ikkje er uvêr.

– Når eg då tenker på at eg må klatre gjennom ei ur og legge meg ute, spør eg av og til meg sjølv om kva eg driv meg. Men når eg kort tid etter kjem inn i hola og det er heilt vindstille der inne, angrar eg ikkje i det heile teke. Det er nett då eg opplever nokon av dei finaste augneblikka i hola, seier ho med eit smil som lyser av truverd.

Familien ikkje overraska

19-åringen har aldri kjent seg einsam som holebuar.

– Det er jo fullt dyreliv rundt meg, og det skjer jo veldig mykje sosialt på internatet på skulen. Det hender også at nokon plutseleg kjem på besøk til hola, seier Ida.

Då ho fortalte at ho skulle flytte inn i ei hole, syntest folk det var rart.

– Det skjønner eg til ein viss grad, det var jo det første eg òg tenkte då eg høyrde om han som budde her i fjor. Likevel har eg inntrykk av at folk ser på det å bu ute eller leve enkelt som usivilisert, mens dei ser på det å ha eit skyhøgt forbruk som heilt normalt. Det provoserer meg.

Familien hennar vart ikkje så overraska då Ida fortalte at ho skulle bli holebuar.

– Mamma syntest det har heilt greitt – til ho gjekk gjennom ura med meg i mørket. Då var det plutseleg livsfarleg, så frå då av måtte eg love å sende melding kvar kveld om at eg framleis var i live, fortel ho og ler.

Ida Beate Løken frå Førde / Florø studerer i Aurland og har likegodt funne seg hybel i ei fjellhole. Der har ho bud heile skuleåret, sommar og vinter.

Trur på holeliv for alle

Ida elskar holelivet og det enkle livet i naturen. Ho har bad og toalett utandørs, og i ei plastkorg samlar ho vatn frå fjellet til vask og tannpuss.

– Det beste med å bu her ute trur eg er stilla. Det viktigaste eg har lært er nok at nordmenn lever i ein heilt unødvendig materialisme. Også trur eg vi har gløymd litt kvar vi kjem frå, seier ho.

Når senga kallar, klatrar Ida opp ura og pussar tennene på «badet sitt». Utanfor hola sett ho seg ofte ned for å sjå på stjernene. Inne tenner ho oljelampa. Ho kler på seg ullpysjamas og ei sovelue som gjer at berre auga og nasen synest. Deretter tek ho litt armhevingar, forsikrar seg om at mobilen er i live og at alarmen er på. Så les kanskje Ida litt. Til slutt trekk ho glidelåsen godt att opp til halsen, og sovnar. Nesten alltid fort.

– Folk lurer på korleis i all verda eg klarer å bu her, men det er jo ikkje vanskeleg. Eg trur kven som helst med helse til å gå gjennom ei slik ur ville klart det. Eg er ikkje i tvil om at eg vert mykje gladare av å bu på denne måten.

Og for dei som lurer på kva som er adressa hennar, så er den altså «Ura 1».

Les flere saker fra Firda.


Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere