*Nettavisen* Nyheter.

Dødsulukke ved Eikanger

Foto: Nordhordaland (Nordhordaland)

Front mot front ved Eikanger.

01.01.12 12:25

Ein mann mista livet i ein front mot front-kollisjon ved Eikangervåg i natt. Ein person vart alvorleg skadd og sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus.

Politiet fekk melding om den tragiske ulukke ti minutt over 02.00.

- Vi veit førebels ikkje noko om kva som er årsaka til ulukke, seier skadestadsleiar Therese Muus-Falck ved Nordhordland lensmannskontor til avisa Nordhordaland.

Kriminalteknikar frå Hordaland Politikammer og ulukkesekspert frå Statens vegvesen har vore på ulukkesstaden nokre hundre meter nord for Eikanger hagesenter.

Det er ein ung mann som har mista livet. Ein mann tidleg i 20-åra er hardt skada. Han måtte skjerast fri.

- Han er alvorleg skada, men situasjonen skal ikkje vera kritisk, seier Muus-Falck. Sjåførane var åleine i bilane.

E39 ved ulukkesstaden vart stengt i nærare fem timar. Mange snudde og kjørde av E39 og inn på gamlevegen mot Ostereidet.

Flere nyheter fra avisa Nordhordaland får du her.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Annonsebilag