Etter 12 år i en mørk kjeller var Frode desperat etter lys

HIMMELTAK: Ved å lage lysplater i sterkaste lystemperatur som finst for deretter å dekorere den med passe fordeling av blå himmel og kvite skyer fekk Frode Larsen ei aha-oppleving han ikkje gløymer. - Det kjennast som å vere ute. På mørke triste vinterdagar var det som å sitje i ein dusj av velvere. Me som tidlegare på det verste har sete med blikket godt planta inne i arbeidslampa her på Screengraph, seier han.

HIMMELTAK: Ved å lage lysplater i sterkaste lystemperatur som finst for deretter å dekorere den med passe fordeling av blå himmel og kvite skyer fekk Frode Larsen ei aha-oppleving han ikkje gløymer. - Det kjennast som å vere ute. På mørke triste vinterdagar var det som å sitje i ein dusj av velvere. Me som tidlegare på det verste har sete med blikket godt planta inne i arbeidslampa her på Screengraph, seier han. Foto: Else Børte (Telemarksavisa)

Etter å ha jobbet i en kjeller i flere år var Frode Larsen på desperat jakt etter dagslys. Da fant han opp innendørs himmel.

BØ (ta.no): - Eg blei manko på dagslys og eg treng lys. Det var mørkt da eg køyrte til jobb og eg kom heim i mørkret. Dette førte til at eg fekk søvnproblem Eg bygde meg vinterhage heime for å suge til meg så mykje dagslys som mogleg i helgene, seier Larsen.

GLAD I LYS
Han er så glad i lys at han til og med driv eit solstudio på Ulefoss. Da han gjekk i militæret i 1986 ved Finnsnes kystfort hadde dei eit vindauge med bilde på og lysrør bak.

– Der lura me oss sjølve til å tru at det var dagslys i staden for mørkre, seier Larsen til TA.

- FORMIDABEL EFFEKT
Det var ideen frå militæret han tok meg seg til kjellaren sin i Bø.

Larsen er dagleg leiar i Gosh Screengraph. Profileringsfirmaet blei starta i Ulefoss for 30 år sidan hans far. Sjølv tok han over for 15 år sidan. Etter tre år flytta han bedrifta til Bø og har heldt hus i kjellaren på bygget der Prix låg i Bøgata.

For to-tre år sidan, etter å sett etter nye lokale med meir dagslys, slo det Larsen at han kunne bytte dei vanlege taklampene med lys høgare lystemperatur.

– Eg bytta ut panela i taket med himlingsplater med LED-lys. Dei fekk eg produsert i Kina tilpassa etter norske mål, forklarar Larsen.

FØRST I BØ
Himlingsplatene blir dekorert av Gabriella Szilvasi på Screengraph i Bø. Det var også der lysplatene fyrst blei testa ut.

Nå har det hengt blå himmel, skyer og palmer i taket i eitt år. Dagleg leiar meiner han merkar ein formidabel effekt.

– Eg har vore eksponert i eitt år og kjenner god verknad. Nå er eg trøytt på kvelden og det er enkelt å sovne, seier han.

LAGAR SEROTONIN
«Himmeltaket», som prosjektet heiter blir testa i Gosh-kjeden.

– I Bodø har dei ein isbjørn i vatn. Dei der oppe fortel at det blå lyset hjelper i mørketida. Ein tannlege i Harstad prøvar blå himmel med fly på. Han har fått positiv respons frå pasientar og tilsette, seier Larsen.

Det blå lyset finn du også på Melum sjukeheim, og på Statoil og Kafé snakkas i Bø.

– Mennesket har vore ute i dagslys i 70-80 prosent av tida me har vore på kloden. Nå er me ikkje eksponert for blå himmel meir enn 30 prosent av tida. Kroppen er avhengig av å produsere serotonin, som er viktig for søvn og humør, på dagtid. Det får du av det blå dagslyset. På kvelden skal du ha gult og avdempa lys. Dette for å produsere søvnhormonet melatonin, seier Larsen.

LYKKEHORMON
Han fortel at serotonin er eit lykkehormon ein får på sjøen og på fjellet.

– Det blå lyset gjer deg trøytt. Kvifor har ikkje dette vore tema før, spør han seg.

Larsen har planar om å dra opp til 8 000 kelvin i lampene sine. Kelvin er det som definerer fargetemperaturen på lyset.

– Eg vil ha utelyset inne, seier han.

Gosh-kjeda rettar sal av Himmeltaket mot arbeidsplassar, kjøpesenter, institusjonar og liknande. Himmeltaket har utskiftfbar folie og lysdimmar.

– Eg har snakka med legar og psykologar som trur dei får mindre å gjere om himlingsplatene våre blir ein suksess, seier Larsen.


Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.