*Nettavisen* Nyheter.

Firdaposten avslørte Per Sandberg-bløff

Foto: NTB Scanpix

NAV ler av påstander.

12.12.13 16:44

(Firdaposten.no): Per Sandberg lanserte selvbiografien sin i november. På side 203 og 204 skriver han om Svelgen i Sogn og Fjordane, under tittelen «Måtte bygge skole på grunn én somalier».

I kapittelet kommer det fram at en somalier bosatt på tettstedet søkte familiegjenforening med flere koner og 22 barn, noe som skal ha sprengt kapasiteten i barnehagen og skolen på stedet.

Har ikke snakket med rådmannen

- Eg anar ikkje kvar Sandberg har informasjonen ifrå, seier rådmann i Bremanger kommune Tom Joensen, som dessutan blir omtalt som «fortvila» i boka.

- I samband med busettinga av somaliarar i Svelgen uttalte eg til media at det var utfordrande å finne eigna bustader, men eg har aldri laga eit slikt drama ut av det. Eg har aldri sagt at vi har behov for å bygge ny skule, og talet på koner og born er dessutan overdrive, poengterer han.

Les også: - Jeg tror at leserene forstår poenget mitt

Den aktuelle somaliaren skal rett nok ha mange born i heimlandet, men har søkt om og fått innvilga familiesameining med berre elleve av dei og kona.

- Per Sandberg har aldri snakka med meg. Påstandane får stå for hans rekning, eg har ikkje tenkt å bruke energi på dette, avsluttar rådmannen.

Ler av påstandane

Nav-leiar Anita Solheim Steinset ler overberande av påstandane.

- Det er ikkje bygd ny skule i Svelgen. Skulen er ikkje eingong bygd på, og det har heller aldri vore på tale, seier ho.

Steinset vedgår at ho fekk nokre overraskingar då kommunen skulle busette 15 somaliarar, og enda med å få fire gonger så mange.

- IMDI (integrerings- og mangfoldsdirektoratet) gav mangelfull informasjon, eller vi misforstod informasjonen. Uansett, vi trudde at meir enn 80 prosent av somaliarane var einslege, men så blei dei sameina med familiane sine innan eitt år. Dette førte til ein del utfordringar innleiingsvis, men ting har gått seg til, seier ho.

- På generelt grunnlag vil eg seie at det er viktig at IMDI tar ansvaret sitt på alvor. Det er viktig at IMDI informerer kommunane godt når det gjeld kva rettar denne folkegruppa har til familiesameining, slik at det ikkje kjem som ei overrasking på små kommunar som risikerer å få stort press på skule og anna kommunalt hjelpeapparat.

- Ut over det må eg berre le av Sandberg sine påstandar, han får det til å høyrest ut som eit oppdikta eventyr.

Les også: - Jeg tror at leserene forstår poenget mitt

Les flere saker fra Firdaposten her

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.