RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Framtida er fornybar

Foto: Scanpix
Sist oppdatert:
Å satsa på meir rein fornybar energi, vil dessverre krevja naturinngrep. Eg vonar miljørøyrsla no får opp augo for dette.

Av Simen Bjørgen (Sp), ordfører i Lom kommune og gjesteredaktør i Nettavisen:

Aktørane i ordskiftet har eit felles mål. Meir fornybar energi. Meir sikker energiforsyning. Som skal vere meir klimavenleg.

Paradokset er at delar av miljørøyrsla, som er for alt dette, er imot dei fleste praktiske løysningar. Det heng ikkje på greip.

Å diskutere været er ikkje lenger tomgangsprat for å fordrive tida. Det er no verdens viktigaste spørsmål.

Klimaendringane er vår tids største utfordring.

Om lag 30 prosent av jordas artar står i fare for å bli utrydda. I nokre afrikanske land kan avlingane bli redusert med 50 prosent innan 2020.

200 millionar menneske kan bli utsett for mangel på vatn. Enorme jordbruksareal går ut av produksjon. Naturkatastrofar vil ramma dei fattige ekstra hardt, og livsgrunnlaget til mange av dei som alt slit med fattigdom, vil forvitra.

Også i Noreg har vi dei siste åra sett fleire døme på ekstremvèr, som har resultert i krevjande situasjonar i mange kommunar, også i mi eige heimbygd Lom.

I Jotunheimen smeltar isbreane ned. Raskare enn nokon gong tidlegare. Delvis på grunn av naturlege klimaendringar. For 4000 år sidan fanst det ikkje isbrear i Jotunheimen. Men dei siste 30 åra har nedsmeltinga auka dramatisk. For å formidla dette kva som faktisk skjer etablerer vi no Klimapark 2469, som tilbyr orkesterplass til klimaendringane, der folk med eigne augo kan sjå kva som skjer i naturen.

Det er på grunn av oss alle. Og måten vi lever på.

No hastar det å redusere utslepp av dei skadeleg klimagassane.

Som eit av verdas rikaste land må Noreg gå i front å ta eit særskilt ansvar.

Framfor alt må vi redusere energiforbruket. Men vi må også redusere bruken av forureinande energikjelder

Det er energi i kvar solstråle, kvar regndråpe og kvart einaste vindkast. Det er energi i skogen og i kulturlandskapet, som mange stader gror att. Noreg er faktisk Europas største batteri fordi halvparten av vasskraftreserva på kontinentet ligg her. Det er denne energien vi må bruke meir av framover. Det vil i tilegg skape arbeidsplassar over heile landet.

Difor knyter det seg store forventningar til Regjeringas nye klimamelding.

Noreg har eit stort ansvar for å få pendelen til å svinge frå fossil energi til fornybar energi. Dette er faktisk eit område der EU ligg framfor oss. Mange nasjonar satsar no tungt på meir fornybar og alternativ energi.

Det held ikkje å kjøpe seg avlat i form av klimakontraktar i utlandet.

Statsminister Jens Stoltenberg varsla i nyttårstalen for nokre år sidan at vasskraftepoken var over. Det kan sjå ut som han vil satse på meir petroleumsverksemd i staden.

Befolkninga på kloden aukar. Matvareprisane vert høgare og høgare. Dette er med å skape global usikkerheit. Ti millionar menneske døyr kvart år av svolt og svoltrelaterte sjukdommar. Matvareforsyninga i verda er meir usikker enn nokon gong. I ei tid der millionar av menneske kjempar for å komme ut av fattigdommen, er dette ein alvorleg situasjon.

Vi forventar ein befolkningsvekst som fram til 2050 vil gje oss eit folketal 9 milliardar menneske, mot dagens 6,9. Berre i Noreg vert vi 1 million fleire i løpet av dei neste 20 åra.

Alle land vil naturleg nok ha sin del av velstandsveksten.

Ein stor del av befolkninga endrar sine forbruksvanar, noko som fører til auka etterspørsel etter mat.

Vidare er det eit faktum at over ein tredjedel av all fullt brukbar mat i den rike delen av verda, vert kasta. Samstundes lir éin milliard menneske av alvorlig underernæring. Berre i Noreg kastar vi mat for 10 mrd kroner i året. Eller kvar einaste ein av oss, over ein kilo god og fullt brukbar mat i veka.

Den britiske aktivisten Tristram Stuart fekk Sofieprisen 2011. Prisutdelinga set søkeljos på ei av vår tids største moralske og miljømessige skandaler, kasting av mat.

Nasjonal og internasjonal matvaresikkerheit oppnår vi kun ved å ta vare på eigen matproduksjon

Eit levande landbruk syter også for eit velstelt kulturlandskap, som i sin tur er avgjerande for store delar av reiselivet. Ved å sikra vår kulturarv, kulturlandskapet, gardsbruka, vår historie og identitet til beste for kommunane og reiselivet som ei framtidig vekstnæring, er vi også med å bidreg til løysinga på dei større globale utfordringane.

Ingen kan redde verden åleine, men alle kan vi gjere noko. Det gamle slagordet om å tenke globalt, men handle lokalt, bør på nytt fram i dagsljoset. Da kan utgjera ein forskjell kva politikarar som blir vald inn i landets kommunestyre 12 september. Hald deg unna dei som ikkje erkjenner at vi har ei global klimakrise, og som ikkje er villige til å ta grep for å løyse den.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere