Gå til sidens hovedinnhold

– Han er kald, våt og sliten

Mannen som har vore vêrfast på 1000 høgdemeter i natt, er på veg ned frå fjellet.

(FIRDAPOSTEN): Leitemannskapa frå Røde Kors i Svelgen var framme hos mannen som trong hjelp til å komme seg ned frå Gjegnen i tolvtida. Mannen i 50-åra har vore vèrfast på rundt 1000 høgdemeter gjennom natta på grunn av stormen "Lena" som herja med sterk vind gjennom natta, skriver Firdaposten.

Vinden var for sterk til at redningshelikopter kunne hente mannen som satt vèrfast i fjellet.

Hadde med to hundar

– Han er kald, våt og sliten, men har det fint, fortel Torstein Fjellanger ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

No er mannen på veg ned fjellet saman med to personar frå Røde Kors. Han går sjølv.

Mannen hadde også med seg to hundar på fjellturen ved det som er den høgaste fjelltoppen i Bremanger. Også hundane har det bra, ifølgje Fjellanger. Røde Kors hadde med mat og tørre klede til mannen, som er ein lokal turgåar.

– Vedkommande har fått på tørre klede, samt varm mat og varm drikke. Forholda i området har betra seg mykje dei siste timane, opplyser Røde Kors Hjelpekorps i Svelgen og Bremanger på deira Facebook-side.

Fjellanger kan ikkje svare på kor lang tid det er venta at turen ned til der bilen til turgåaren og leitemannskapet står vil ta. Mannen hadde parkert bilen ved Storevatnet.

Stormen hindra helikopterhenting

– I luftlinje er det ein kilometer til oppmøtestaden, men terrenget er veldig bratt, seier Fjellanger.

– Dei kjem seg ned i tid og behag, seier Fjellanger.

Politiet fekk første melding om at han ikkje kom seg ned frå fjellet klokka halv tre i natt. Mannen ringte sjølv og fortalte at han trong hjelp til å komme seg ned att.

Då prøvde politiet først å sende redningshelikopter frå Florø, men det gjekk ikkje på grunn av den sterke vinden. Stormen «Lena» vart i løpet av laurdagen oppgradert frå OBS-varsel til ekstremvarsel.

Også laurdag kveld vart hovedredningssentralen involvert i eit redningsoppdrag, då ei eldre kvinne og ein mann måtte hentast med helikopter i Bremanger.

Les flere saker i Firdaposten her.

Reklame

Ny Pyton-bok: Dette er Tommy Sydsæters favoritthistorier med Rhesus Minus

Kommentarer til denne saken