Her bodde ekteparet  i 60-årene i 34 timer

Ekteparet frå Russland overnatta inne i førarhuset medan traileren låg i grøfta.

Ekteparet frå Russland overnatta inne i førarhuset medan traileren låg i grøfta. Foto: Solveig Avelsgaard Lien (Firda)

- Vi sov halvt sovende.

19.12.14 20:26

(Firda) Ekteparet frå St. Petersburg venta 34 timar i den velta traileren i grøfta.

Dei er litt forkjølte, men mest av alt takksame for all gjesfridomen dei har opplevd.

– Vi hadde begynt å fryse litt då desse gode menneska banka på og spurte om vi ville overnatte hos dei, seier Natalija Sergeeva til Firda.

Det russiske ekteparet i starten av 60-åra hadde berre nokre kilometer att av reisa då traileren deira sklei ut av vegen og hamna i grøfta på E39 ved Langhaugane i Jølster midt på dagen tysdag.

Saken fortsetter under bildet.

Jurij Sergeev og Natalija Sergeeva er veldig takksame for all hjelpa dei har fått. Foto: Solveig Avelsgaard Lien (Firda)


– Vi skulle levere lasten på Bruland, så det var ikkje langt igjen, smiler Jurij Sergeev oppgitt.

Det var Camilla Aasen og Dag Inge Bøe som redda trailersjåføren og kona, som var reisefølge, frå ei veldig kald natt i grøfta.

– Vi køyrde forbi seint onsdag kveld og såg traileren som låg heilt nedsnødd i grøfta. Vi stoppa og fekk høyre at det oppheldt seg to personar inne i traileren, og vi kunne jo ikkje la dei vere der, seier Dag Inge Bøe.

No sit det russiske paret i ei varm stove i Jølster og pleier ei lett forkjøling med kaffi og klementinar. Men i over eitt døgn sat dei inne i førarhuset på den velta traileren.

Sov ståande

– Det gjekk fint det første døgnet, for då verka framleis varmesystemet i bilen. Men onsdag kveld var det slutt på varmen, forklarer Jurij.

Kona fortel at dei la puter og dyner i den nedste enden av det sterkt skrånande førarhuset og greidde å få seg litt søvn mens dei venta på å bli berga.

– Søvnen kjem berre du er trøytt nok. Vi sov halvt ståande, seier Natalijan til Firda.

Ekteparet hadde fått hjelp av ein forbikøyrande til å varsle politi og bergingsselskap, så dei trudde heile tida at det snart skulle komme nokon og dra traileren deira opp på vegen igjen slik at dei kunne køyre vidare.

– Vi trudde bergingsbilen skulle komme onsdag kveld klokka 21, forklarer Natalija.

Saken fortsetter under bildet.

Traileren velta ved Langhaugane i Jølster midt på dagen tysdag og vart sett opp på vegen igjen først natt til fredag. Foto: Solveig Avelsgaard Lien (Firda)


Men då klokka nærma seg midnatt skjønte dei at ingen ville komme og få traileren tilbake på vegen den kvelden heller. Då var det lett takke ja til tak over hovudet og ei varm seng hos familien i Jølster.

Arbeidsgjevar sitt ansvar

Arild Tistel ved Førde bilberging fortel at han hadde veldig mykje å gjere på grunn av snøen og dei glatte vegane tysdag.

– Traileren frå Russland vart ikkje prioritert fordi han ikkje hindra trafikken der han låg ute i grøfta, seier Tistel til Firda.

Han legg til at det ikkje er bilbergingsselskapet sitt ansvar å ta seg av sjåføren.

Saken fortsetter under bildet.

Jurij Sergeev og Natalija Sergeeva (midten) er veldig glade for gjestfridomen til Kåre og Agda Aasen. Foto: Solveig Avelsgaard Lien (Firda)


Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme, seier at dette heller ikkje er politiet sitt ansvar.

– Så lenge ikkje sjåføren er skada, er det ikkje politiet si oppgåve å ta seg av han. Det er arbeidsgjevar som må sørge for at sjåføren får den hjelpa og informasjonen han treng, seier ho.

Fredag hadde det framleis ikkje lukkast Jurij Sergeev å få kontakt med arbeidsgjevaren sin i Russland. No håpar han og kona at dei rekk heim til nyttårsfeiring i St. Petersburg.

Les flere saker hos Firda.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Mest lest på Nyheter

Annonsebilag